Tag: påske

Easter Sunday

Fordi véret såg slik ut når eg vakna første påskedag, vart det ein rolig morgon med frokost på senga og Poirot på lydbok.

easter sunday
easter sunday

Vi spelte monopol LENGE, men eg var for opptatt med å vinne til å ta bilder. (Hei Hedda!) Som plaster på såret bakte eg scones og vi åt mange mange mange.

easter sunday

På kvelden (etter at auget mitt endeleg ville samarbeide lenge nok til å sjå Game of Thrones bryllaupet!!) drog alle på The Shed, som er ein fin bar/restaurant i Falmouth og åt nachos og drakk gode smoothies og drinkar.

easter sunday
easter sunday

Eg tok eit bilde av gutane til Hedda.

easter sunday

Og eit av restane etter maten. Kompromiss mellom dei som hatar matbilde og dei som legg dei ut på bloggen.

easter sunday

Lilly fikk komplimenter på at ho har regnbogehår. Kult.

easter sunday

 

Since it was raining all Easter Day, I had breakfast in bed with Agatha Christie’s Poirot in audiobook version. We played Monopoly for hours, but I was too busy winning to take pictures. (Hi Hedda.) To make it better I baked scones for everyone. Yummy. In the evening (after finally making my eye cooperate long enough to watch Game of Thrones) we went to The Shed and had nachos and drinks. I took a picture of Hedda’s boys, as the lovely housemate I am, and also took a picture of the leftovers as a compromise for people hating food pictures on blogs. Lilly got compliments for having rainbow hair. Standard. 

Påskeaften

Morgonen påskeaften starta med ein fortsatt fascinasjon av pupillane mine, som grunna augedropane eg tar er forskjellig størrelse.

påskeaften

Eg kikka fornøgd på påskebukettane som eg har plassert rundt om i huset.

påskeaften

Og når Hedda og Tord sto opp, såg vi den dårligste heksa i klassen. Om ikkje det er påskestemning, er det ingenting som er. (Du kan sjå det her)

påskeaften

Mamma ringte meg og fortalde at dei skulle ha lammelår til middag. Vi svarte med å lage studentane (uten skikkelig steikomn) sitt lammelår, les: taco.

påskeaften

Seinare hadde vi invitert nokon flotte andre norskar over på besøk. Vi drakk te og kaffe og åt smågodt og bråkte vel og lenge. Når det er special occation er det klart vi dreg fram papirsugerøra, og det er utruleg kor mykje underhaldning dei gir.

påskeaften
påskeaften

Vi hadde norsk melkesjokolade på bordet og engelsk godteri-poppe-WillyWonka-sjokolade i ei skål, og Ragnhild hadde laga skolebollar.

påskeaften
påskeaften

Og da alle hadde spist det dei skulle, satt halvparten seg i sofaen og resten av oss  spelte monopol til alle ville heim og legga seg. Det gjekk stort sett ufredeleg for seg og kjekt var det.

påskeaften

Good Friday

Og det blei ein veldig bra fredag. Fordi her i Falmouth har det vore flott påskesol og vi har vore flinke til å gå ut i soka og nyte den. (Sjølv om det har vist seg vanskelig med mitt lettare inhabile auge. Eg har nemmeleg fått regnbuehinnebetennelse og har fått øyedråpar som etterlet auget mitt litt neddopa.)

Dagen starta med omelett til frokost, på senga, fordi i stua låg det to mummitroll og sov sin søte søvn. Dei var så fine at eg tok eit lite ulovlig bilde, men eg trur dei blir sure om eg legg det ut her på bloggen.

langfredag

Når alle hadde komme i gang med dagen, dro vi til Falmouth for å sjå om vi fant påskeegg og påskegodt, og eg skulle poste nokre brev.

langfredag

Nokon hadde fått melk på trappa, riktignok i plastkartong og ikkje i flasker, men kor veldig Poirot er ikkje det?

langfredag
langfredag
langfredag

Det har vore så varmt i det siste og så mykje sol at ein må alltid ha solbriller. Hedda sine såg eg som ein god mogelegheit til å dokumentere min gule påskekjole.

langfredag

Vi kjøpte oss noko å ete, og satt oss på piren nede i havna. Der blas det ein god del, og det Corwallske (er det eit ord? Cornish..) flagget dansa så fint.
langfredag

Eg trur at om Poirot hadde komme til Falmouth, hadde han nok budd på Green Bank Hotel, for så gamalt er det. (la oss berre late som om Poirot er ein ekte person.)

langfredag
langfredag
langfredag

Om sommaren er det vimplar i heile Falmouth og det gjer meg så himla glad!!

langfredag

 

Vi dro heim med posar tunge av påskegodt og ein påskebukett, før vi avslutta kvelden med ei episode av Poirot. Vi såg The Plymouth Express, som Hedda hadde prata om heile dagen. Det artige var at vi valte episode heilt på måfå, så eg trur derfor bestemt at det var ei spesiell påskekraft som hadde ein finger med i spelet.

 

© 2021 Mari Hafsås

Theme by Anders Noren, design by RagnhildUp ↑