Tag: Norge

Ei uke i Bergen

Siste uke av ferien var eg i Bergen. Kameraet parkerte eg på toppen av eit kjøleskap mesteparten av uka, uvisst kvifor. Heldigvis ligna besøket ein del på tidligare besøk (berre enno betre), så eg kan kompensere med eldre bilder.

Karoline og eg såg like mykje the OC som alltid. Eg er framleis forelska i Seth og ho i Ryan, og Marissa er framleis dødsirriterande.

bergen

Den fyrste dagen sto vi opp halv sju og åt havregrøt til frukost. Så dro vi på yoga klokka åtte (når ein er B-menneske på ferie må klokkeslett om morgonen dokumenteres) og spiste lunsj i lag med litt av kollektivet til Karoline som åt frukost. Deretter var det forelesning i migrasjonsstudier og kvinne- og kjønnshistorie. Snakk om luksus å bli tatt med på! Og vi åt verdas største lunsj på Chill Out.

bergen

Om kvelden hadde vi fest heime hos Karoline. Kollektivet til Karoline var så klart med, Helene, Harald, Emil, Simon, Lena Mari, Per og eg kom utanifrå. Alle vart litt forelska i Maja da det viste seg at ho hadde laga jellyshots til alle. Det vart miksa Flapper’s og bison- og banandrinkar, smoothies og eigentleg alt ein kan tenkje seg. Vi dansa både Charleston, Chicago, Jig og technodans, og alle lærte seg koden på telefonen til Mats så vi kunne sette på musikk. (har gløymd den no, no worries) Det vart teke mange bilder, men ikkje av meg, og heilt sikkert ikkje noko ein burde laste opp på nett uansett. Da dansarane tok så ville piruettar at ein fikk ein dusj med whiskey, braut alle sakte opp og dro heim til sine soverom over heile byen. Unntatt Karoline, da, som sovna på sofaen ved sida av sitt.
Litt sånn her såg det ut når vi var halveis i ryddinga morgonen etter.

bergen i april

Eg gjekk tur i parken som før, men med mykje kortare hår. Det gjeld for Karoline og.

bergen
bergen

Vandra så klart forbi Bryggen og gjennom trange, fine gater, og beundra blondevinduet like mykje som sist.

bergen

Spiste også vaflar på Bar Barista. Der har dei paraplyar i taket, magisk rooibos te, og kanskje dei beste vaflane i heile verda. Fant ut at eg tilfeldigvis knipsa eit bilde av den i juni for to år sidan.

bergen

Det var så klart mykje spilling av brettspill. Med alt det beste av norskt godteri og heimelaga muffins.

bergen i april
bergen i april

Den siste dagen hadde Helene, Karoline og eg studiedate på Kaffemisjonen. Eg søkte på skule i Norge, drakk så mykje kaffe at eg rista igjennom heile radiosendinga til Karoline og spiste sjokoldecroissant. NAM. Tenk at neste år skal eg kanskje bu i denne fantastiske byen. Da kjem ikkje kameraet til å ligge på toppen av eit kjøleskap heller.

bergen i april
bergen i april
bergen i aprilSorry, British people, Google Translate today. 

 

Spring Break So Far .

Når eg kom heim til Ålesund var det på magisk vis heilt nydeleg vêr. Det resulterer i mange blide turistar og andre besøkende på jobb, som igjen gjer at eg synes det er den perfekte staden å tilbringe helga. Og det er jo bra, i og med at eg skulle jobbe. På Jugendstilsenteret steiker vi vafler kvar dag.

vår

Og når dei er laga frå Mija si hinsides gode oppskrift, må ein spise i alle fall ei kvar dag. Helst med litt jordbær.

vår

Når eg har komme heim frå jobb, har eg møtt han karen her og vi har gått tur i solnedgangen og helsa på nokon, knurra på nokon og ignorert nokon totalt.

vår

I dag skulle han absolutt helse på naboen, ho vakre her, men ho ville heller vere i sin eigen hage.

vår
vår

Pappa og mamma tok meg med på Orienten, der dei åt buffé og eg åt sushi. Nam nam. Mamma snakka om si frykt for kveis, nokre små markar som lev inne i levra til torsken, og pappa oppdaga kor sterkt wasabi er.

vår

På vei heim var det så flott lys at vi stoppa og tok eit bilde.

vår

Lerstadvatnet hadde og fint lys, og eg syntes det minte om anslaget i The Notebook. Alt som minner om The Notebook er bra. Særleg når det gjer at vatn ser sånn her ut.

vår
vår
vår
vårNeste veke skal eg jobbejobbejobbe, med essay og portfolio og foto og tegning og eg skal til og med vere vikar for ei fjerdeklasse. KULT! Tenk at eg var redd for å kjede meg i Ålesund!

When I got back to Ålesund, magically, the weather was lovely. This results in happy tourists and other visitors to  the museum where I work, which again makes it the best place to spend a weekend. Which is brilliant, seeing how I had to work anyway. We make waffles every day. • And they are so nice, you simply just have to have one. Every day. Preferably with strawberry conserve. • When I come home from work I normally meet this guy and take him for a walk where he greets somebody, growls at somebody and ignore the rest completely. • Today he wanted to play with this lovely lady, but she was more interested in exploring on her own. • Mum and dad took me to Orienten, a restaurant where they had buffet and I had sushi and fried bananas. Mum spoke about her fear of anisakis, small worms that live in cod liver, and dad discovered how spicy wasabi is. • On the way home we stopped for a photo because the light was so lovely. • The lake where I live had light that reminded me of the start of The Notebook. Always good. Especially when it makes the water look like this. • Next week is work-work-work. Essay and portfolio and photography and drawing. I’m even going to be a teacher for fourth graders. FUN. Can’t believe I thought I’d be bored. 

© 2017 Mari Hafsås

Theme by Anders Noren, design by RagnhildUp ↑