Category: Eventyr (page 1 of 4)

Ei uke i Bergen

Siste uke av ferien var eg i Bergen. Kameraet parkerte eg på toppen av eit kjøleskap mesteparten av uka, uvisst kvifor. Heldigvis ligna besøket ein del på tidligare besøk (berre enno betre), så eg kan kompensere med eldre bilder.

Karoline og eg såg like mykje the OC som alltid. Eg er framleis forelska i Seth og ho i Ryan, og Marissa er framleis dødsirriterande.

bergen

Den fyrste dagen sto vi opp halv sju og åt havregrøt til frukost. Så dro vi på yoga klokka åtte (når ein er B-menneske på ferie må klokkeslett om morgonen dokumenteres) og spiste lunsj i lag med litt av kollektivet til Karoline som åt frukost. Deretter var det forelesning i migrasjonsstudier og kvinne- og kjønnshistorie. Snakk om luksus å bli tatt med på! Og vi åt verdas største lunsj på Chill Out.

bergen

Om kvelden hadde vi fest heime hos Karoline. Kollektivet til Karoline var så klart med, Helene, Harald, Emil, Simon, Lena Mari, Per og eg kom utanifrå. Alle vart litt forelska i Maja da det viste seg at ho hadde laga jellyshots til alle. Det vart miksa Flapper’s og bison- og banandrinkar, smoothies og eigentleg alt ein kan tenkje seg. Vi dansa både Charleston, Chicago, Jig og technodans, og alle lærte seg koden på telefonen til Mats så vi kunne sette på musikk. (har gløymd den no, no worries) Det vart teke mange bilder, men ikkje av meg, og heilt sikkert ikkje noko ein burde laste opp på nett uansett. Da dansarane tok så ville piruettar at ein fikk ein dusj med whiskey, braut alle sakte opp og dro heim til sine soverom over heile byen. Unntatt Karoline, da, som sovna på sofaen ved sida av sitt.
Litt sånn her såg det ut når vi var halveis i ryddinga morgonen etter.

bergen i april

Eg gjekk tur i parken som før, men med mykje kortare hår. Det gjeld for Karoline og.

bergen
bergen

Vandra så klart forbi Bryggen og gjennom trange, fine gater, og beundra blondevinduet like mykje som sist.

bergen

Spiste også vaflar på Bar Barista. Der har dei paraplyar i taket, magisk rooibos te, og kanskje dei beste vaflane i heile verda. Fant ut at eg tilfeldigvis knipsa eit bilde av den i juni for to år sidan.

bergen

Det var så klart mykje spilling av brettspill. Med alt det beste av norskt godteri og heimelaga muffins.

bergen i april
bergen i april

Den siste dagen hadde Helene, Karoline og eg studiedate på Kaffemisjonen. Eg søkte på skule i Norge, drakk så mykje kaffe at eg rista igjennom heile radiosendinga til Karoline og spiste sjokoldecroissant. NAM. Tenk at neste år skal eg kanskje bu i denne fantastiske byen. Da kjem ikkje kameraet til å ligge på toppen av eit kjøleskap heller.

bergen i april
bergen i april
bergen i aprilSorry, British people, Google Translate today. 

 

Easter break

For to veker sidan sto eg opp klokka ti over fire, pakka alle ullgensrar og kanskje seks bøker om feminisme i sekken, tok pirat-taxi til togstasjonen og reiste i 17 timar for å komme heim til Ålesund. Kva gjer ein vel ikkje for hundar, brettspel og Freia melkesjokolade?

Vel heime var eg på kunstutstilling på Kube, Simon Wågsholm si utstilling “Sceneries” og syntes den var fantastisk. Dei som ikkje har sett den enno har tid til og med søndag 26. april.

påsketur
påsketur
påsketur

Den eine dagen da eg skulle jobbe på Kube, fikk eg besøk av to av dei flottaste eg kjenner. Dei trossa vér og vind og tok med lunsj til meg som hadde gløymd å lage.

påsketur

Så gjekk turen over fjorden og til Sunndalsøra for vår obligatoriske påsketur. På reisa var det tåkete, mystisk og vakkert, og alle spiste svele med brunost.

påsketur
påsketur

Og på påskeaften gjekk kroppen min endeleg med på å vere med på fjelltur, skikkeleg, for fyste gong på fire år til Grånebba i Sunndalsfjella. Onkel viste veg, sola skein, eg fekk fregner på nesa og Arne køyrde i racerfart ned igjen, medan eg aka meg etter på rumpa og frykta for livet. Heilt rå tur.

Grånebba
Grånebba
Grånebba
Grånebba
Grånebba
Grånebba
Grånebba

Vel nede igjen hadde mamma ordna og gøymd (nei, mormor, vi er ikkje for store!) påskeegg med alt det beste i. Til og med Tom og Jerry-kjeks, HALLO. Eg var alt for opptatt med å spise til å ta eit bilde av det.
Vegen heim at på søndag var like grå som da vi kom, men i grunn like fin. Tilbake i Ålesund igjen endte fyste halvdel av påskeferien med dobbel seier i Kokkelimonke. Ein skal ikkje kimse av det, eller kva?

påsketur

Two weeks ago I got up at 4:10, packed my knitted jumpers and about six books about feminism, got a taxi to the train station and left Fally as the sun came up for a 17-hour trip back to Norway. The things you do for dogs, boardgames and Freia milk chocolate. Back home I went to see an art exhibition by Simon Wågsholm, “Sceneries” and found it absolutely brilliant. I also went to work without lunch one day and got two wrapped-up-warm popping by with lunch. I have amazing friends. • The family went on the mandatory easter highlight trip (why can’t you make up long words in English?) to see my grandparents, and the road there was misty, beautiful and mysterious. We all had svele with brown cheese. • I finally went on a proper ski day with my uncle and cousin, and we climbed a top called Grånebba in Sunndalsfjella and I kept thinking “go home Game of Thrones/Lord of the Rings, you’re drunk”. How amazing are these mountains? My cousin and uncle easily raced down the mountain, I feared for my life and sat down every other second. • Safe and sound in the living room again, my mum had fixed and hid easter eggs for me and my sister, but I was way to busy finishing it to take photos. We had just about enough food and dessert to fill up a small army, and it was just the best start to the Easter holiday ever. Obviously it helps to win two games of Balderdash in a row. 

Grøvudalen

Went hiking with mum and grandparents a few weeks ago. Autumn was really kicking in.

Grøvudalen
Grøvudalen
Grøvudalen
Grøvudalen
Grøvudalen
Grøvudalen
Grøvudalen
Grøvudalen
Grøvudalen
Grøvudalen
Grøvudalen

Jomfru-harrytur.

Torsdag 22. august sto Hedda og eg grytidlig opp, spiste avokado, makrell og grønn te til frokost og satt oss i bilen for at eg for første gong i mitt liv skulle få lov til å reise på harrytur. Vi var utstyrt med handleliste fra Kristin (“Ja, men mamma, Mari må få prøve å handle ORDENTLIG!”) og med Tusvik og Tønne på høgtalaren satte vi avgårde. Vi tok ferga forbi Bastøy (hadde sett Kongen av Bastøy kvelden før, så for meg var dette veldig spennande) og las i våre feministiske bøker til eg duppa av og vi gjekk ned igjen i bilen. Deretter køyrde vi og plukka opp Stian som venta med caps på ein bensinstasjon der eg gjorde det utrulig dumme valet å kjøpe meg ein kaffe som sjølvsagt smakte piss, og så, etter enda ei stund i bilen, såg vi skiltet.

harry jomfrutur

Vi starta med ein liten sushi-forrett før vi gjekk løs på det vi eigentleg ville. Godteridelen.

harry jomfrutur
harry jomfrutur

Sånn her der ein ut når ein blir tatt på fersken i å kjøpe ting ein er allergisk mot.

harry jomfrutur

Stian bestemte seg for a danse ein skeidans før snopinga begynte, og Hedda var lett med på det.

harry jomfrutur
harry jomfrutur

ACTION

harry jomfrutur
harry jomfrutur
harry jomfrutur

Neste stopp var ein butikk eg ikkje anar kva heitte, men dei hadde i alle fall elgkoffertar og massasjestolar! Satt for øvrig i massasestolane i minst førti minutt.

harry jomfrutur

Så var det handling av mat som sto for tur. Vi kjøpte bacon for alle penga (trudde vi i alle fall, men Hedda kjøpte visst litt for lite likevel) og så klart Quorn til alle som er vegetarianarar. Når eg tok dette bildet, surna dama i kassa og sa at eg ikkje kunne ta bilder.

harry jomfrutur

Vi avslutta med å pante en million flasker og at eg kjøpte så mange mummiting at eg fikk ein gratis mummikopp. Så no har eg eit mummistempelkort i lommeboka. Ganske kult !

harry jomfrutur

Expecto Patronum #1 – Sunndalen

Jenstad-Åmotan

Noko av det første eg gjorde da eg kom heim i sommar var å gå tur i fjellet. Morfar er ekspert og tok med seg Tone, mormor og meg på rundtur. Og lyset var perfekt.

Jenstad-Åmotan

Når vi kom ned til botnen av Svøufallet starta det å regne litt. Men det blanda seg så fint med vatnet som kom frå fossen at vi ikkje merka det. Desuten vart det regnboge. Heilt magisk.

Jenstad-ÅmotanJenstad-ÅmotanJenstad-ÅmotanJenstad-Åmotan

Stien gjekk over ei hengebru. Vi kom over alle som ein, men eg var glad for at Balto ikkje var der, han som er så redd for vatn.

Jenstad-ÅmotanJenstad-ÅmotanVi møtte nokre sauer og lam. Nokon av dei kom heilt bort for å sei hei, men dei fleste var for sjenerte.

Jenstad-ÅmotanJenstad-Åmotan

Kameraeksperten morfar.

Jenstad-ÅmotanEg er så heldig som har fått vakse opp i natur som det her!

Jenstad-ÅmotanJenstad-Åmotan

 

One of the first things I did when I came back to Norway was to go hiking. My granddad took my sister, my nan and me on a lovely hike around waterfalls with rainbows and young lambs. The light was amazing! I am so lucky to have grown up around nature like this.

Borgundgavelen

For nokre dagar sidan var mormor og morfar på besøk, og det var ein av dei gongane Vestlandet glimta til med slåande varme og til tider strålande sol. Eg hadde også fri, og vi dro utover til Sunnmøre Museum for å gå oss ein tur.Først gjekk vi oppom Jervel huset, som dei og kallar for djevelens hus. (Ring Sam og Dean!)

borgundgavelen

Vi gjekk inn på området, med gamle hus og andre bygg, samt monge vakre vikingskip. Borgundgavelen var nemlig ein stor kaupang i middelalderen som hadde vakse fram i vikingtida.

borgundgavelen

Men før vi gjekk rundt i området, kikka vi i museumsbutikken. Der var ei utstilling av sunnmørsbunadar. Dei var så vakre, og eg vart litt lei meg av at eg sikkert ikkje skal feire 17. mai i Noreg neste år heller. Balto satt fint og venta på oss i døra.

borgundgavelen

Vi såg på båtar.

borgundgavelen
borgundgavelen

Og gjekk ein tur rundt i sjølve Borgundgavelen. Så utruleg vakkert.

borgundgavelen

Vi var innom Borgundkirka som pappa har laga tårnet på.

borgundgavelen

Og Dyreklubben, der Balto møtte barndomskjæresten Luna og hestane vart kjøla ned medan dei klødde seg på nakken mot veggen.

borgundgavelen

Og så gjekk kameraet mitt tomt for straum.

borgundgavelen

 

A few days ago my grandparents came to visit. It was one of those rare days when the west coast decided to have really nice weather, and we went hiking in Sunnmøre Museum. First we went to the Jervel House, which is said to be haunted and is called the House of the Devil. (Call Sam and Dean!) / We went in to the museum area, with old buildings and viking ships. Borgundgavelen used to be a kaupang, which is the norse word for market-place./We also had a look in the museums shop, where they had an exhibit of different types of Sunnmørsbunad, the national costume, and Balto waited prettily in the doorway. /We looked at ships/And walked around Borgundgavelen./We also went to see the church with the tower my dad has built. Woop./And we visited the horses that needed cooling down and had to scratch their necks on the house corners./And then my camera battery ran out.

Far Out and Further Away

Dette er starten på eit prosjekt om                           This is the start of a project about

identitet                                                                                                                                     identity

kultur og                                                                                                                             culture and 

nasjonalitet.                                                                                                                       nationality.

DSC08629
DSC08630

I det finest atelieret                                                            In the most beutiful studio space

møttes vi forrige laurdag og såg på                       we met last Saturday and looked at 

DSC08634
DSC08638

brev                                                                                                                                     letters

DSC08639
DSC08640
DSC08641

Vi jobba til lyden av                                                                We worked to the sound of 

DSC08651

bølger                                                                                                                                             waves

DSC08654DSC08658
DSC08660

og til glimt av sola                                                                                     and to glimpses of sun

DSC08662
DSC08666
DSC08669DSC08671

Og golvet var for fint                                                     And the floor was too pretty 

til at eg klarte å ikkje ta                                                                      for me to not take

eit klisjé skobilde.                                                                      a cliche photo of shoes. 

DSC08673

Vakre St. Ives.                                                                                 Beautiful St. Ives.  

DSC08675

 

Og i morgon                                                                                                   And tomorrow

skal eg dit igjen                                                                               I’m going there again 

for å jobbe med utruleg talentfulle                  to work with incredibly talented 

jenter                                                                                                                                     girls 

og slik kanskje forandre                                                   And like this maybe change 

verda                                                                                                                            the world

bittelitt.                                                                                                                        A tiny bit. 

(om så berre for ei lita stund)                                               (if only for a little while) 

Summer in February

Dette er min kunstneriske respons til ein film som heiter Summer in February og handlar *SPOILER ALERT* om ein kunstnar som er ulukkeleg og frys ihjel i ei hytte på kysten i Cornwall. Denne filmen såg eg i den tru at det skulle vere eit vakkert, britisk drama (noko det heilt sikkert var), men som vordande kunstnar i eit iskaldt hus på kysten i Cornwall tolka eg det som ein skrekkfilm totalt oppsett på å ta motet frå meg. Så når eg fekk gjester frå Ålesund som tok med seg sola, Maria og Andrea, kom diverse tvangstankar om å få vist dei kor vakkert Cornwall eigentleg kan vere.

søndagstur
søndagstur
søndagstur

Vi gjekk på tur gjennom Falmouth og videre ut til Pendennis Castle, eit av forta til Henry VIII.

søndagstur
søndagstur
søndagstur

Der var mange gamle vindauge som gav magisk lys.

søndagstur
søndagstur

Og kanoner som ein gong i tida kunne skyte skip.

søndagstur

I nokon av vindauga fant eg fine vener.

søndagstur
søndagstursøndagstursøndagstur

søndagstur

Ein kunne sjå heile Falmouth frå toppen av slottet.

søndagstur
søndagstur
søndagstur
søndagstur

Det starta å blåse veldig og museet stengte, så vi gjekk kystvegen heim og åt arme riddere.

søndagstur
søndagstur
søndagstur
søndagstur
søndagstur

 

This is my artistic response to the film Summer in February, that *SPOILER ALERT* is about an unhappy artist who freezes to death in a cottage in Cornwall. I watched this film in thoughts of it being a beautiful British drama (which it probably could have been), but as a aspiring artist in a freezing house in Cornwall, I couldn’t help feeling it was a horror film with hints of personal insult. So when i had guests from Ålesund coming down, bringing the sun with them, my “look-how-beautiful-it-is-where-I-live-OCD” played up.

We walked through Falmouth to Pendennis Castle, which had lots of old windows with magical light, and some widows with friends in them. You could see all of Falmouth from the top. When the wind caught up with us and the museum closed, we went home and ate french toast.  

Gatsby Night

Fordi Dolly’s eksisterer, og dei arrangerer temakvelder som Gatsby Night, har vi ofte gode grunnar til å finne fram strømper, perler og raud lebestift, og denne gongen, flapperkjolar.

Gatsby Night

Vi gjorde oss klar i eit mylder av klær og sminke. Tenk at tre kostymeerfarne jenter kan lage så mykje rot.

Gatsby Night
Gatsby Night

Treng dei ei Ladies Maid på Downton, så melder eg meg frivillig.

Gatsby Night

Sjølv om eg tilbragte store delar av veka med å fortelje alle at eg skulle gjere mi eiga augesminke og bevise for ToneLill at eg kan sminke meg sjølv, så måtte ho fikse den til slutt.

Gatsby Night
Gatsby Night

Vi sprang rundt i huset med ei strømpe og eit augebryn med vinglaset i handa og ein ventande taxi uttafor, i kjent stil, men heldigvis veit både Dolly og dei andre vi skulle møte at vi alltid er litt seine. “Vil dokker ha billettane?” ” Det går bra, vi veit kven dokker er.” Ti poeng.

Så vi hadde ein kveld der vi dansa charleston, hadde ein pianist som spelte musikk, og følte at vi hadde funne ei tidsmaskin (untatt dei femten fyste minutta da alle satt med mobilane og fotograferte, og ei gamal sur ei kom og kjefta på oss for å ta bilder. “You’re totally missing the spirit”). Vi drakk Gin Rickey og Flapper’s Delight, og alle mista sin Whiskey Sour virginity. Det var heit strålande!

Vi dro vidare til Mango’s og dansa i nokre timar, mens folk sendte oss rare blikk, for -get this- vi såg faktisk ut som om vi var frå 20 talet, det var råkult. Som alltid på byen var det nokre eldre bondar som prøvde å sjekke rumpemusklane våra, så vi ba dem om å dra til helvete og dro heim og spelte Cards Against Humanity og høyrde på meir 20-tals jazz.

Gatsby Night
Gatsby Night

 

Because Dolly’s exists and they do theme nights like A Gatsby Extravaganza, we often have good reasons to find ours stockings, pearls and red lipstick. And in this case, flapper dresses. 

We got ready in a haze of clothes and make up, jeez, all the mess! 

If they need a Ladies Maid at Downton, I volunteer. Even though Lilly ended up doing my make up in spite of a week telling everyone how I would do it on my own and prove once and for all that my make up skills are amazing…

We ran around the house with one stocking and one eyebrow and a glass of wine and a taxi waiting outside, as usual. Everyone is luckily used to us always being a little late. “Do you want our tickets now or later?” “Don’t worry, we know who you are.” Ten points.

So we got an evening of Charleston and live piano music and it felt like we had entered a time machine. (Apart from the first fifteen minutes when everyone was taking pictures with their phones and this grumpy lade came over and yelled at them for “totally missing the spirit”) We had Gin Rickey’s (tastes like soap) and Flapper’s Delights and lost our Whiskey Sour virginity. It was absolutely divine. hehe. 

Then we went to Mango’s and danced for a few hours, while people sent us strange looks, for -get this- we actually looked like we came from the 20s. It was awesome! As always out on town, there were some old farmers trying to touch us up, so we told them to fuck of and went home to play Cards Against Humanity and listen to more 20s jazz. 

Good people!

 

Korleis startar ein eigentleg etter ein så lang pause?

Det vart plutselig jul og juleferie, kameraet fekk litt støv på seg, fordi min fem og eit halvt år gamle Macbook brukte 500 år på å laste inn bilde (nei, der er ingen r, eg har sjekka med nynorskordboka), flickr har endra seg og ingen bilde, ingen blogg. Eg har liksom gløymd litt korleis det var eg gjorde det her.  Trur eg vanlegvis ville ha satt inn bilde av hendingar og håpa på at dei var satt pris på.

Min pappa vart seksti år i år, og eg vart tjue. Vi feira med heile sunnmørsslekta, nesten i alle fall, og aldri før har nokon vore så glad for ein boks sardiner.

SONY DSC

Balto låg under stolen og visste ikkje heilt kva som var i gang.

SONY DSC

Vi hadde enda ein nydeleg lille julaften med Grevinnen og Hovmesteren, spekemat, raggsokkar, strikking og juletrepynting. Akkurat som i fjor.

SONY DSC

Og vi hadde ein herleg julaftan med alt for mange gåver.

SONY DSC

Nyttårsaftan kom med alle dei forventningane og utruleg stressande ideane om at alle må pynte seg og ha årets beste kveld. Eg møtte den utan sminke og med sursmilet på plass, saman med nokon av dei flottaste folka Noreg har å tilby.

SONY DSC

I resten av ferien var det mykje alias, mykje øl, litt hobbit og mykje fin himmel.

SONY DSC

Og tilbake i Falmouth saman med verdas beste Hedda, ToneLill og Sam, var det putseleg eit skulearbeidskred som traff oss så hardt at vi etter innlevering var i bakrus i ei veke. Den vart kurert av ei vinterhelg i York hos Egil, Jade og Stian. Der åt vi frukost ute på ein nydeleg liten stad som heitt Brukes tre dagar på rad. Etter første dagen hadde me vore ute kvelden før og alle ba om vatn, så dei andre dagane fikk vi ei mugge vatn før vi i det heile tatt hadde fått av oss jakka. (ja, det er eit skjermbilde av ein snapchat)

SONY DSC SONY DSC

Og på laurdag som var, hadde vi planlagt verdas største hemmelegheit, nemmeleg Kristine. Ho gjekk jo som dokker veit i klassen min i fjor, men flytta tilbake til Noreg. Ho hadde kun sagt til nokon få (dette er der eg skryt over å vere ein av dei utvalde) at ho hadde planer om å komme på besøk. Så me arrangerte eit møte på Dolly’s (Dolly var sjølvsagt ein medskuldig) der vi inviterte dei beste venene til Kristine, der ho på magisk vis dukka opp i døra. Det vart til tårar og hyl og hyperventilering for ei, lamslått stillheit hos ein annan og den siste som vart overraska såg litt ut som ein gullfisk medan alle vi andre såg på og lo. Alle som jobbar på Dolly’s sto i døra og lo dei og. Det er kjærleik det!

SONY DSC

Kristine tok med seg sola og snøen, og dagen i går var alle fire årstidene på besøk i Falmouth. 

SONY DSC SONY DSC

Kven veit?  Neste gong vi sjåast er kanskje om ikkje nesten to månader.

 

Older posts

© 2017 Mari Hafsås

Theme by Anders Noren, design by RagnhildUp ↑