På tirsdag sto eg opp før sola og møtte Ragnhild. Vi gjekk til Woodlane, der vi fekk selskap av Pádhraic. Vi gjekk langs stien som går forbi Gylly Beach.
Når vi kom til Swanpool møtte vi Jerome.
Men vi var ikkje framme.
Vi måtte stoppe plutseleg, fordi sola skulle til å stå opp.
Det gjekk utruleg raskt, og Ragnhild og eg tok ca. hundre bilder kvar.
Vi gjekk videre når sola var heilt oppe. Vi skulle ut på nokre klipper for å spise frukost. På vegen gjekk vi forbi nokre nydelege, kvite busker.
Er det ikkje vakkert?
Det er sjeldan eg får ta bilder i så fantastisk lys. Derfor tok eg alt for mange.
Jerome hadde med stormkjøkken, Ragnhild hadde med appelsin og eg hadde med Gjendekjeks, aka verdas beste kjeks. Vi naut at sola sakte blei varmare og varmare medan vi diskuterte litt feminisme. Alt i alt ein perfekt morgon.
Vi pakka sammen stormkjøkkenet, skrudde på korkene i termosane og gjekk heim til ein vakker dag i Falmouth. Eg tilbragte den på stranda, vart solbrent nederst på leggen og fekk sand i buksa. Ganske bra.
On Tuseday I got up before the sun and went to meet Ragnhild. We walked to Woodlane where we met Pádhraic and walked along the costal path at Gylly Beach. When we got to Swanpool we met Jerome. We stopped and sat down on the fence when we saw the sun come up. It was absolutely beautiful and stunning and really fast, and Ragnhild and I both took about a million photos. We had breakfast with Norwegian biscuits, oranges and coffee, and then discussed feminism for about two hours. It was a lovely start to the day, and I spent the rest of it at the beach, getting a sunburned patch on my leg that still hurts when I put shoes on and sand in my jeans. God I love summer.