Ei uke i Bergen

Siste uke av ferien var eg i Bergen. Kameraet parkerte eg på toppen av eit kjøleskap mesteparten av uka, uvisst kvifor. Heldigvis ligna besøket ein del på tidligare besøk (berre enno betre), så eg kan kompensere med eldre bilder.

Karoline og eg såg like mykje the OC som alltid. Eg er framleis forelska i Seth og ho i Ryan, og Marissa er framleis dødsirriterande.

bergen

Den fyrste dagen sto vi opp halv sju og åt havregrøt til frukost. Så dro vi på yoga klokka åtte (når ein er B-menneske på ferie må klokkeslett om morgonen dokumenteres) og spiste lunsj i lag med litt av kollektivet til Karoline som åt frukost. Deretter var det forelesning i migrasjonsstudier og kvinne- og kjønnshistorie. Snakk om luksus å bli tatt med på! Og vi åt verdas største lunsj på Chill Out.

bergen

Om kvelden hadde vi fest heime hos Karoline. Kollektivet til Karoline var så klart med, Helene, Harald, Emil, Simon, Lena Mari, Per og eg kom utanifrå. Alle vart litt forelska i Maja da det viste seg at ho hadde laga jellyshots til alle. Det vart miksa Flapper’s og bison- og banandrinkar, smoothies og eigentleg alt ein kan tenkje seg. Vi dansa både Charleston, Chicago, Jig og technodans, og alle lærte seg koden på telefonen til Mats så vi kunne sette på musikk. (har gløymd den no, no worries) Det vart teke mange bilder, men ikkje av meg, og heilt sikkert ikkje noko ein burde laste opp på nett uansett. Da dansarane tok så ville piruettar at ein fikk ein dusj med whiskey, braut alle sakte opp og dro heim til sine soverom over heile byen. Unntatt Karoline, da, som sovna på sofaen ved sida av sitt.
Litt sånn her såg det ut når vi var halveis i ryddinga morgonen etter.

bergen i april

Eg gjekk tur i parken som før, men med mykje kortare hår. Det gjeld for Karoline og.

bergen
bergen

Vandra så klart forbi Bryggen og gjennom trange, fine gater, og beundra blondevinduet like mykje som sist.

bergen

Spiste også vaflar på Bar Barista. Der har dei paraplyar i taket, magisk rooibos te, og kanskje dei beste vaflane i heile verda. Fant ut at eg tilfeldigvis knipsa eit bilde av den i juni for to år sidan.

bergen

Det var så klart mykje spilling av brettspill. Med alt det beste av norskt godteri og heimelaga muffins.

bergen i april
bergen i april

Den siste dagen hadde Helene, Karoline og eg studiedate på Kaffemisjonen. Eg søkte på skule i Norge, drakk så mykje kaffe at eg rista igjennom heile radiosendinga til Karoline og spiste sjokoldecroissant. NAM. Tenk at neste år skal eg kanskje bu i denne fantastiske byen. Da kjem ikkje kameraet til å ligge på toppen av eit kjøleskap heller.

bergen i april
bergen i april
bergen i aprilSorry, British people, Google Translate today. 

 

2 Comments

  1. bergen!!! vill så så gärna dit. <3

Leave a Reply to Vicky Cancel reply

Your email address will not be published.

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

© 2017 Mari Hafsås

Theme by Anders Noren, design by RagnhildUp ↑