Reisenotat del 1

DSC05733

09:00 Avgang frå Vigra går glatt, til trass for ein koffert på tjueåtte kilo. Dama som sjekka meg inn sa det var okei siden koffert to kun veide ti kilo. Det gode humøret avtar ein smule når eg innser at setet mitt er midt i ei boble av noko eg kun kan beskrive som pung og aftershave. Det er faktisk lov til å dusje seg i reint vatn i staden for parfyme når ein skal sitte nært andre mennesker. Får litt glede tilbake når flyvertinna går forbi med den nydelege lukta av kaffe, men den smakar jo gift, så klart. Flykaffe må sort its shit out. Blir alt for fasinert av ørepropphullet på sekken til han som sitt foran meg, du veit eit sånn som ledninga skal komme ut av, som ser ut som eit lite gummifelt med eit kryss som lagar fire klaffar. Er ofte å sjå på grå-svarte skulesekkar og er heilt uimotståeleg å stikke fingeren i. Noko som sjølvsagt er heilt uakseptabelt når ein ikkje kjenner den som eig sekken.

13:53 Mann snik i køa foran meg på vei inn til sikkerhetskontrollen. Typisk mann 45 med hvite chinos i lin (eg beklagar å måtte sei det, men det er ikkje januarbuksa) med ein bittebitteliten, skinnande sølvgrå trillekoffert som er mindre enn magen han har tredd ein limegrøn V-hals genser over. Hode type blankt og lettare oransje, sidan han tok sol så han ikkje skal bli solbrent på Granca. Lagrar all denne passiv aggressive informasjonen på telefonen for å føle meg underhaldt i staden for sint.

Kjenner meg som ein riddar som gjer seg klar til strid fordi eg for ein gongs skuld har klart å pakke handbaggasjen effektivt, sjølv om eg har både sekk og veske og tre lag jakke. Rustninga ligg klar i dei tre plastkassene som kjem på bandet, og det går slag i slag med laptop ned i sin heimestrikka sovepose, laptop ned i sekken, bort med kasse 1, kofta på, jakka på, så skjerfet, bort med kasse 2, seler veska skrått over brystet, kastar sekken på ryggen. Lua på til slutt og fit for fight.

3 Comments

  1. Herlig skrevet, haha!
    #Phungfolk

  2. Hahaha!! <3

Leave a Reply to Ingvild Cancel reply

Your email address will not be published.

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

© 2017 Mari Hafsås

Theme by Anders Noren, design by RagnhildUp ↑