Normal dag.

Når eg vakna i dag hadde eg ein ide om at eg absolutt skulle gå til skolen. Det tar akkurat 55 minutter, så eg har ikkje hørt dei to siste minutta av Tusvik og Tønne. Det var veldig fint å kunne gå, fordi bussen køyrer så utruleg treigt, dei luktar ofte mugg, og dei køyrer gjennom Penryn som for augeblikket har så mykje vegarbeid at ein står stille dødslenge i gangen. Utruleg digg å gå forbi bussen. Woop.

normal day

Vi hadde forelesninger heile dagen, noko som ikkje eigentleg er så venleg for oss, men det var så fint å ha eit skikkeleg opplegg for ein gongs skuld, sjølv om vi er teaterstudentar og så klart ikkje har vanlege forelesningssalar eller ser særleg studentaktige ut. Det ser omtrent sånn her ut når vi har forelesning.

normal day
normal day

Det beste med torsdagar er at falafelbilen er på campus. Klokka ett, da det er lunsj, sprang vi derfor opp til the Stannary og stilte oss i den evige køa for å sikre oss verdens beste lunsj, og moglegens verdas største falafelpita. NAM. Det er sånn ein artig måte å tilbringe lunsjen på, for det er heilt umogeleg å spise dei på ein fin måte. Det er etter mi meining den perfekte first-date mat, for når ein ikkje har anna valg enn å sjå ufyseleg ut er det mykje lettare å slappe av. Og vil for øvrig bare ytre at eg elskar den personen som fann opp sylta chili.

normal day
normal day
normal day

Ellers så har bacheloroppgåva mi ikkje ein sjanse til å bli ferdig før fristen, for i går kveld lærte eg meg å hekle bestemorsruter. Ei fantastisk dame på strikkegruppa på Dolly’s ga meg ei heklenål ho hadde til overs, og eg er heilt hekta. Hekla mi første rute under forelesning nummer ein i dag, og har i skrivande stund laga fire. Eg har samla alle små nøster med restegarn i ei boks som no skal vere med meg overalt til det er tomt. Perfekt måte å bli kvitt garnrestar på OG få eit pledd. WIN.

normal day
normal day

Today I decided to walk to uni. This gave me a chance to listen to podcasts and laugh at the people stuck in Penryn because every road through it is pretty much closed. We had lectures all day, which is unusual for theatre students at Falmouth, but that’s OK because we’re an unusual bunch anyway. Just look at how we sit through most lectures, in a circle knitting and laughing. At one lunch started and me and Hedda ran to the Stannary to get in the endless line of people who want Falfalafels. We got some in the end, Chloë too. It’s the best food ever. Also I think it’s the best first-date food, because the pitas are so massive there is no way you can eat them without making a mess, and don’t have to worry about looking attractive. Also, I love whoever invented pickled chilies. My dissertation now don’t stand a chance of getting finished, by the way, because last night I learned how to crochet granny squares. A lovely lady at the knitting group at Dolly’s gave me a crochet hook, and I can’t stop doing it. Made my first square in today’s first lecture, and have got three more so far today. This is amazing. I get rid of wool-leftovers AND get a blanket. WIN.

 

3 Comments

  1. Aww, alle fine menneskene <3 Savner fal-falafel, første (og beste) falafelen jeg har smakt. Og hekling er knalltøft, forventer opplæring neste gang vi sees.
    Kjærleik.

Leave a Reply to mari Cancel reply

Your email address will not be published.

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

© 2017 Mari Hafsås

Theme by Anders Noren, design by RagnhildUp ↑