forsøk på kvardagsblogging.

another day

Vi har fått ein heil time ekstra lys om morgonen sidan eg kom tilbake. Desverre ville Falmouth Uni ha forelesning klokka seks om kvelden, da det er mørkt igjen. Derfor prøvde eg meg på heimekontor. Det gjekk bra eit par timar. Så vart det sjåandes ut sånn her. Derfor gjekk eg ut i sola og posta mine tre brev.

another day
another day

Det var heilt fantastisk vér, og eg hadde på meg Breakfast at Tiffany’s kåpa mi og leika filmstjerne. Fant eit par skjell og drøymde om å bo i huset med mummitårna på andre sida.

another day
another day

Eg kjeda meg riktignok ganske fort (alt for dårleg på å nyte aleinetid) og ringte Hedda. Ho var i gang med middagslaging, så eg plukka opp eit par ingrediensar og starta turen bort til ho. Desverre var heile vegen som eg elskar å gå, som vi gjekk fleire gonger i veka i fjor, heilt i skuggen (eg var kald på ørene). Eg tok heller eit bilde, tenkte litt på kor fint det er å gå der, (det føles som å reise i tid!!) og tok bussen til Penryn.

another day
another day

Hedda har eit nydeleg, blått kjøkkenbord og ei herleg leilighet. Vi kosa oss med god middag og drakk te til som vi pleier. Så satt vi i sofaen og snakka om truser, strikking og kjolar heilt til det var på tide å gå til forelesning. Det hadde rokke å bli skumring, og himmelen hadde samme farge som kåpene vi gikk med.

another day
another day

William køyrde meg heim til Falmouth, der eg bestemte meg for å prøve å ta eit sjølvportrett. Det er eg ikkje så god på, men på ein dag som det her, da eg får Betty Draper hår sjølv etter å ha vore ute i fleire timar, kun av å børste det, må det nesten gjerast. Det tok meg kanskje 21 år, men eg har oppdaga at det kan vere ein god ting å børste håret.

another day

 

 

Tried to home office, but Holly Golightly distracted me, so I put on my Breakfast at Tiffany’s coat and went for a walk in the sun. Ended up getting bored without anyone to talk to and went to Hedda’s bachelor pad for dinner. We talked about pants and dresses and knitting until it was time to go to a lecture. Will gave me a lift back to town, and I decided to do a self portrait since my hair have remained in a Betty Draper-do even though I have spent hours outside today. Who knew brushing your hair really is worth the trouble? 

1 Comment

  1. Fineste!! <3

Leave a Reply to Mamma Cancel reply

Your email address will not be published.

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

© 2017 Mari Hafsås

Theme by Anders Noren, design by RagnhildUp ↑