Month: February 2015

VM-feiring

vm-feiring
vm-feiring
vm-feiring

I går kveld tok bestemortendensene overhand, og eg inviterte mine norske venninner på besøk for å spise rømmegraut. Toro, sjølvsagt – det finnast jo grenser for kor husmor ein kan vere. Suppe til dei som ikkje toler mjølk og blåbær, sjokolade og bringebærgelé til dessert. Vi fikk skikkeleg norska oss, og det var skikkeleg kjekt. Vi hadde selskap av Harper og Hebe, og Ragnhild lærte å hekle bestemorsruter. Hebe var sur fordi ho ikkje fekk spise sjokoladerestar, så ho furta ved kjøleskapet medan eg vaska opp og dansa fordi Norge tar gull på gull i ski-vm.

vm-feiring

Normal dag.

Når eg vakna i dag hadde eg ein ide om at eg absolutt skulle gå til skolen. Det tar akkurat 55 minutter, så eg har ikkje hørt dei to siste minutta av Tusvik og Tønne. Det var veldig fint å kunne gå, fordi bussen køyrer så utruleg treigt, dei luktar ofte mugg, og dei køyrer gjennom Penryn som for augeblikket har så mykje vegarbeid at ein står stille dødslenge i gangen. Utruleg digg å gå forbi bussen. Woop.

normal day

Vi hadde forelesninger heile dagen, noko som ikkje eigentleg er så venleg for oss, men det var så fint å ha eit skikkeleg opplegg for ein gongs skuld, sjølv om vi er teaterstudentar og så klart ikkje har vanlege forelesningssalar eller ser særleg studentaktige ut. Det ser omtrent sånn her ut når vi har forelesning.

normal day
normal day

Det beste med torsdagar er at falafelbilen er på campus. Klokka ett, da det er lunsj, sprang vi derfor opp til the Stannary og stilte oss i den evige køa for å sikre oss verdens beste lunsj, og moglegens verdas største falafelpita. NAM. Det er sånn ein artig måte å tilbringe lunsjen på, for det er heilt umogeleg å spise dei på ein fin måte. Det er etter mi meining den perfekte first-date mat, for når ein ikkje har anna valg enn å sjå ufyseleg ut er det mykje lettare å slappe av. Og vil for øvrig bare ytre at eg elskar den personen som fann opp sylta chili.

normal day
normal day
normal day

Ellers så har bacheloroppgåva mi ikkje ein sjanse til å bli ferdig før fristen, for i går kveld lærte eg meg å hekle bestemorsruter. Ei fantastisk dame på strikkegruppa på Dolly’s ga meg ei heklenål ho hadde til overs, og eg er heilt hekta. Hekla mi første rute under forelesning nummer ein i dag, og har i skrivande stund laga fire. Eg har samla alle små nøster med restegarn i ei boks som no skal vere med meg overalt til det er tomt. Perfekt måte å bli kvitt garnrestar på OG få eit pledd. WIN.

normal day
normal day

Today I decided to walk to uni. This gave me a chance to listen to podcasts and laugh at the people stuck in Penryn because every road through it is pretty much closed. We had lectures all day, which is unusual for theatre students at Falmouth, but that’s OK because we’re an unusual bunch anyway. Just look at how we sit through most lectures, in a circle knitting and laughing. At one lunch started and me and Hedda ran to the Stannary to get in the endless line of people who want Falfalafels. We got some in the end, Chloë too. It’s the best food ever. Also I think it’s the best first-date food, because the pitas are so massive there is no way you can eat them without making a mess, and don’t have to worry about looking attractive. Also, I love whoever invented pickled chilies. My dissertation now don’t stand a chance of getting finished, by the way, because last night I learned how to crochet granny squares. A lovely lady at the knitting group at Dolly’s gave me a crochet hook, and I can’t stop doing it. Made my first square in today’s first lecture, and have got three more so far today. This is amazing. I get rid of wool-leftovers AND get a blanket. WIN.

 

Kveldsmat

kveldsmat
kveldsmatPå seige dagar med teaterforelesninger om korleis kurset går som ikkje nevner musikkteater med eit einaste ord, er det vanskelig å ikkje la alt det ein irriterer seg over bli hovedfokus. Derfor laga eg ei liste over ting som har gjort dagen min fin:

  • Nybakt braud
  • At forkjølelsen er nok borte til at eg kan synge
  • Varmt hus
  • Ella Fitzgerald
  • Lunsjen på elevrådsmøtet. (samosamirakel)
  • Hedda si rosa kåpe
  • Hebe som spis alt ho kjem over. Eg meiner det, ho smakar til og med på fuglefrøa til hønene.
  • Ragnhild som kom på kveldsmat. Vi spiste det nybaka brødet og drakk to kanner te. Ho er ein sånn person som alltid får folk til å slappe av og smile.
  • Peter Rabbit stemninga som oppstår når alle dyra vil spise kveldsmat saman med oss.

kveldsmat

 

PS: er det nokon som veit korleis ein effektivt kan fjerne grovbrauddeig frå kofter?

forsøk på kvardagsblogging.

another day

Vi har fått ein heil time ekstra lys om morgonen sidan eg kom tilbake. Desverre ville Falmouth Uni ha forelesning klokka seks om kvelden, da det er mørkt igjen. Derfor prøvde eg meg på heimekontor. Det gjekk bra eit par timar. Så vart det sjåandes ut sånn her. Derfor gjekk eg ut i sola og posta mine tre brev.

another day
another day

Det var heilt fantastisk vér, og eg hadde på meg Breakfast at Tiffany’s kåpa mi og leika filmstjerne. Fant eit par skjell og drøymde om å bo i huset med mummitårna på andre sida.

another day
another day

Eg kjeda meg riktignok ganske fort (alt for dårleg på å nyte aleinetid) og ringte Hedda. Ho var i gang med middagslaging, så eg plukka opp eit par ingrediensar og starta turen bort til ho. Desverre var heile vegen som eg elskar å gå, som vi gjekk fleire gonger i veka i fjor, heilt i skuggen (eg var kald på ørene). Eg tok heller eit bilde, tenkte litt på kor fint det er å gå der, (det føles som å reise i tid!!) og tok bussen til Penryn.

another day
another day

Hedda har eit nydeleg, blått kjøkkenbord og ei herleg leilighet. Vi kosa oss med god middag og drakk te til som vi pleier. Så satt vi i sofaen og snakka om truser, strikking og kjolar heilt til det var på tide å gå til forelesning. Det hadde rokke å bli skumring, og himmelen hadde samme farge som kåpene vi gikk med.

another day
another day

William køyrde meg heim til Falmouth, der eg bestemte meg for å prøve å ta eit sjølvportrett. Det er eg ikkje så god på, men på ein dag som det her, da eg får Betty Draper hår sjølv etter å ha vore ute i fleire timar, kun av å børste det, må det nesten gjerast. Det tok meg kanskje 21 år, men eg har oppdaga at det kan vere ein god ting å børste håret.

another day

 

 

Tried to home office, but Holly Golightly distracted me, so I put on my Breakfast at Tiffany’s coat and went for a walk in the sun. Ended up getting bored without anyone to talk to and went to Hedda’s bachelor pad for dinner. We talked about pants and dresses and knitting until it was time to go to a lecture. Will gave me a lift back to town, and I decided to do a self portrait since my hair have remained in a Betty Draper-do even though I have spent hours outside today. Who knew brushing your hair really is worth the trouble? 

Reisenotat del 1

DSC05733

09:00 Avgang frå Vigra går glatt, til trass for ein koffert på tjueåtte kilo. Dama som sjekka meg inn sa det var okei siden koffert to kun veide ti kilo. Det gode humøret avtar ein smule når eg innser at setet mitt er midt i ei boble av noko eg kun kan beskrive som pung og aftershave. Det er faktisk lov til å dusje seg i reint vatn i staden for parfyme når ein skal sitte nært andre mennesker. Får litt glede tilbake når flyvertinna går forbi med den nydelege lukta av kaffe, men den smakar jo gift, så klart. Flykaffe må sort its shit out. Blir alt for fasinert av ørepropphullet på sekken til han som sitt foran meg, du veit eit sånn som ledninga skal komme ut av, som ser ut som eit lite gummifelt med eit kryss som lagar fire klaffar. Er ofte å sjå på grå-svarte skulesekkar og er heilt uimotståeleg å stikke fingeren i. Noko som sjølvsagt er heilt uakseptabelt når ein ikkje kjenner den som eig sekken.

13:53 Mann snik i køa foran meg på vei inn til sikkerhetskontrollen. Typisk mann 45 med hvite chinos i lin (eg beklagar å måtte sei det, men det er ikkje januarbuksa) med ein bittebitteliten, skinnande sølvgrå trillekoffert som er mindre enn magen han har tredd ein limegrøn V-hals genser over. Hode type blankt og lettare oransje, sidan han tok sol så han ikkje skal bli solbrent på Granca. Lagrar all denne passiv aggressive informasjonen på telefonen for å føle meg underhaldt i staden for sint.

Kjenner meg som ein riddar som gjer seg klar til strid fordi eg for ein gongs skuld har klart å pakke handbaggasjen effektivt, sjølv om eg har både sekk og veske og tre lag jakke. Rustninga ligg klar i dei tre plastkassene som kjem på bandet, og det går slag i slag med laptop ned i sin heimestrikka sovepose, laptop ned i sekken, bort med kasse 1, kofta på, jakka på, så skjerfet, bort med kasse 2, seler veska skrått over brystet, kastar sekken på ryggen. Lua på til slutt og fit for fight.

© 2017 Mari Hafsås

Theme by Anders Noren, design by RagnhildUp ↑