Eg les ei bok av Tomas Espedal no, og det fyller tankane mine med haust i Bergen og hyttehuset Karoline tok meg med til der.

bergenshaust
Vi såg kanskje femten episoder Friends, var einige om kor teit Ross er og drakk så store mengder te som mogeleg. Karoline snakka om kor kul ho synes Janice er, før ho på eit eller anna merkeleg vis låg på golvet med to kattar på magen. Eg lo av ho der nede, og ho lo av meg når eg banna til Ross inni skjermen.

bergenshaust
Eg mekka pastasaus for vegetarianarar og Karoline kokte syltetøy til frukost dagen etter. Det vart alt for enten søtt eller surt, eg hugser ikkje, JO, alt for vaniljete, men eg trur ho kokte meir og redda dagen. Vi surra så mykje spaghetti som vi greidde rundt gaffelen og stappa alt inn i munnen på ein gong medan vi snakka menn og kaffe.

bergenshaust
bergenshaust
Så oppdaga eg ei bok Karoline har funne, fra eit kvinnemagasin frå femti- eller sekstitalet som så fint skulle lære oss kunsten at kysse. Gode tips ein kunne få var for eksempel støvsugerkysset, der “I skal begge suge jer fast til hinanden” (noko som eg ikkje greier å lese uten å høyre støvsugerlyden til Nunu i Teletubbies.) Andre favorittar er “…det omvendte støvsuger-kys. Her gælder det om at puste luft ind i hinandens munde” som gjer at eg ser for meg noko liknande det her, men også Det elektriske kys, der ein skulle skru av alt lys og “Gnid dine fødder fram og tilbake over et uldent tæppe” før ein endeleg kan “nærme dig din elskede, langsomt. Lad os sige at den anden er en smug kvinne…Det er mørkt, og du kan kun ane din elskers ansigt. Du skal nærme dig meget forsiktigt. I dette øjeblik hvisker du et par romantiske ord til din ventende kæreste, som f.eks “Vær parat, rør dig ikke!”” og så faktisk gi støt til “din kæreste med en stor mængde negativt ladede partikler“. Eg lo så godt av dette avsnittet at eg spytta tankrem på Karoline. Så gode venner kan ein bli.

bergenshaust
Sov i eit rom med kvite vindauge og gammalt tapet.

bergenshaust
Troll måtte stelle seg litt før han skulle jakte på alle småfuglane som leika ute på terassen, men han var einig i at det hadde vore ei fin helg.

bergenshaust

Shit for en idyll.