First days back

Den første dagen tilbake gjekk hovudsakleg med til å jobbe med ei eksamensoppgåve som no er levert. Eg hadde katteselskap av Hogie på bordet. Han likar å klø haka på dataskjermen min og bit meg i tommelen om eg sluttar å klø han før han vil det.
first day back
Den andre katten heiter Harper etter Harper Lee. Han liker best å sove i putene til hunden når ho ikkje er der.
first day back
Da eg endeleg var ferdig i går kveld ein gong hadde huset blitt utruleg kaldt, og varmevatnet var borte. The boiler hadde klikka og i og med at den samme boksen har kontroll over gass og varmevatten, turde eg ikkje mekke. I staden kokte eg vatn til å vaske ansiktet mitt med og la meg med ullundertøy frå topp til tå.
first day back
Morgon nummer to starta med ein stor kopp te og å mate høns. Eg trudde eg hadde litt gardsjente i meg heilt til eg kom ut i hagen og ikkje kunne hugse sist eg skulle ha noko som helst med ei høne å gjere, men det ordna seg. Mat fekk både hønene og kaninane.
first day back
first day back
first day back
first day back
first day back
Medan eg venta på at huseigar skulle komme heim og fikse the boiler, prøvde eg og tenne i peisen. Det gjekk ikkje så bra, for der var verken opptenningsved eller tørr ved overhodet. Etter rund ein times kamp mot peisen og å ha laga opptenningsved med ein braudkniv (eg trur det er eit offisiellt speidartips), ga eg opp. Men no er varmen på igjen, kofferten pakka ut og kroppen sakte på oppvarming. (Sjølv om eg framleis har deadline-ticks og har trykt cmd+S truleg 15 gonger på denne posten.) Spurde Dolly om ho har noko i mot at eg legg ut foto av dyra hennes. Ho sa at det skulle gå greitt, så lenge det ikkje var ved sida av oppskrifter på kaninpai.
first day back

 

Sorry, guys, today you’ll have to use google translate. 

2 Comments

  1. Hæ, hæ, bor du på gård?! Bor du hos Dolly? Som i Dolly’s-Dolly? Hæææ! Isåfall, kult! :D Velkommen tilbake forresten! Kanskje me må ha ein te-date snart som pause fra deadlinestress :)

    • mari

      January 10, 2015 at 12:43

      Haha, ja, rett Dolly, men det er i byen, ikkje ein gard. Sjølv om det ikkje heilt virkar sånn! Bare å komme innom! :D

Leave a Reply

Your email address will not be published.

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

© 2018 Mari Hafsås

Theme by Anders Noren, design by RagnhildUp ↑