Month: January 2015

Haustminne

Eg les ei bok av Tomas Espedal no, og det fyller tankane mine med haust i Bergen og hyttehuset Karoline tok meg med til der.

bergenshaust
Vi såg kanskje femten episoder Friends, var einige om kor teit Ross er og drakk så store mengder te som mogeleg. Karoline snakka om kor kul ho synes Janice er, før ho på eit eller anna merkeleg vis låg på golvet med to kattar på magen. Eg lo av ho der nede, og ho lo av meg når eg banna til Ross inni skjermen.

bergenshaust
Eg mekka pastasaus for vegetarianarar og Karoline kokte syltetøy til frukost dagen etter. Det vart alt for enten søtt eller surt, eg hugser ikkje, JO, alt for vaniljete, men eg trur ho kokte meir og redda dagen. Vi surra så mykje spaghetti som vi greidde rundt gaffelen og stappa alt inn i munnen på ein gong medan vi snakka menn og kaffe.

bergenshaust
bergenshaust
Så oppdaga eg ei bok Karoline har funne, fra eit kvinnemagasin frå femti- eller sekstitalet som så fint skulle lære oss kunsten at kysse. Gode tips ein kunne få var for eksempel støvsugerkysset, der “I skal begge suge jer fast til hinanden” (noko som eg ikkje greier å lese uten å høyre støvsugerlyden til Nunu i Teletubbies.) Andre favorittar er “…det omvendte støvsuger-kys. Her gælder det om at puste luft ind i hinandens munde” som gjer at eg ser for meg noko liknande det her, men også Det elektriske kys, der ein skulle skru av alt lys og “Gnid dine fødder fram og tilbake over et uldent tæppe” før ein endeleg kan “nærme dig din elskede, langsomt. Lad os sige at den anden er en smug kvinne…Det er mørkt, og du kan kun ane din elskers ansigt. Du skal nærme dig meget forsiktigt. I dette øjeblik hvisker du et par romantiske ord til din ventende kæreste, som f.eks “Vær parat, rør dig ikke!”” og så faktisk gi støt til “din kæreste med en stor mængde negativt ladede partikler“. Eg lo så godt av dette avsnittet at eg spytta tankrem på Karoline. Så gode venner kan ein bli.

bergenshaust
Sov i eit rom med kvite vindauge og gammalt tapet.

bergenshaust
Troll måtte stelle seg litt før han skulle jakte på alle småfuglane som leika ute på terassen, men han var einig i at det hadde vore ei fin helg.

bergenshaust

Shit for en idyll.

Boksorama

moving in
moving in
moving in
Dei siste par dagane har forsvunne i kaffe (jada, det er stava kaffi på nynorsk, samma det, eg lever det ville liv), esker og kattar. Å pakke ut var heilt som julaftan dei første tre eskene, med nye gamle ting i kvar. Så vart det dødsens kjedelig og eg åt litt kinesisk filosofi i eggform i staden. Eg vann over kassene til slutt, og no når eg har kjøpt skikkelig kaffe på Espressini, føler eg at eg har flytta skikkelig inn. Hjelper så klart å ha ein skrivekamerat i Harper som varmar magen min når eg ligg på senga.

The last few days have disappeared in coffee, boxes and cats. To unpack felt like Christmas at first, with new old stuff in every box, but I got bored after about three. Then I went down and had some egg-shaped Chinese philosophy for lunch. I did conquer the boxes in the end, though, and after buying decent coffee at Espressini, I feel like I have properly moved in. Of course it helps to have a belly-warming writing buddy in Harper.
moving in
moving in

First days back

Den første dagen tilbake gjekk hovudsakleg med til å jobbe med ei eksamensoppgåve som no er levert. Eg hadde katteselskap av Hogie på bordet. Han likar å klø haka på dataskjermen min og bit meg i tommelen om eg sluttar å klø han før han vil det.
first day back
Den andre katten heiter Harper etter Harper Lee. Han liker best å sove i putene til hunden når ho ikkje er der.
first day back
Da eg endeleg var ferdig i går kveld ein gong hadde huset blitt utruleg kaldt, og varmevatnet var borte. The boiler hadde klikka og i og med at den samme boksen har kontroll over gass og varmevatten, turde eg ikkje mekke. I staden kokte eg vatn til å vaske ansiktet mitt med og la meg med ullundertøy frå topp til tå.
first day back
Morgon nummer to starta med ein stor kopp te og å mate høns. Eg trudde eg hadde litt gardsjente i meg heilt til eg kom ut i hagen og ikkje kunne hugse sist eg skulle ha noko som helst med ei høne å gjere, men det ordna seg. Mat fekk både hønene og kaninane.
first day back
first day back
first day back
first day back
first day back
Medan eg venta på at huseigar skulle komme heim og fikse the boiler, prøvde eg og tenne i peisen. Det gjekk ikkje så bra, for der var verken opptenningsved eller tørr ved overhodet. Etter rund ein times kamp mot peisen og å ha laga opptenningsved med ein braudkniv (eg trur det er eit offisiellt speidartips), ga eg opp. Men no er varmen på igjen, kofferten pakka ut og kroppen sakte på oppvarming. (Sjølv om eg framleis har deadline-ticks og har trykt cmd+S truleg 15 gonger på denne posten.) Spurde Dolly om ho har noko i mot at eg legg ut foto av dyra hennes. Ho sa at det skulle gå greitt, så lenge det ikkje var ved sida av oppskrifter på kaninpai.
first day back

 

Sorry, guys, today you’ll have to use google translate. 

© 2017 Mari Hafsås

Theme by Anders Noren, design by RagnhildUp ↑