York

Christmas in York

På fredag satte eg og Hedda oss på toget til York for å stjele brillene til Stian og å feire bursdag. Hedda hadde ein ny fuskepelshatt som gjer at ho seier njet og syng songen frå Tre nøtter til Askepott heile dagen.

Christmas in York
Christmas in York

Det første vi gjorde laurdags morgon, etter å ikkje ha sunge bursdagssangen til Stian (fritt valg) var å spise frukost på Bruks. Det er ein liten kafé som vi no reknar for ein stamfrukostplass i Peter Lane som vi trudde måtte legge ned i vinter, men dei fekk berre nye, store og fantastiske lokale, og ein kunne tisse utan å få frostbitt i rompa.

Christmas in York
Christmas in YorkChristmas in York

Vi gjekk og innom Disney butikken for å sjå om der var noko fin julepynt, men det var ikkje noko som skilte seg ut. Sjølv om eg ville ha med dei her seks dvergane heim. Lystig hadde dei ikkje fleire av, eller så hadde dei ikkje orka å lage han.

Christmas in York
Christmas in York

På julemarknaden var det så mykje folk at ein like gjerne kunne stoppe og sjå på alt, ein kom ikkje fortare fram likevel. Hedda kjøpte seg eit kjempefint skjerf, for vi fant ut at ein kan støtte Palestina på andre måtar enn ved å få halsbetennelse.

Christmas in York
Christmas in York

Tekanne må ein ha i Falmouth, særelg når ein nettopp har flytta inn i ny leilighet!

Christmas in York
Christmas in York

Så prøvde vi å finne ein hatt til Stian. Først var det berre på gøy, men når ein kler det så godt som han, er det okei å kjøpe ein. Spesielt når ein blir venn med han som sel dei.

Christmas in York

Er dei ikkje fine? Passar perfekt inn i murbygningane bak seg synes iallfall eg!

Christmas in York

Vi var på ein restaurant som het Ambiente og kun solgte tapas. Eg har aldri vært på ein sånn, men vart overbevist med ein gong maten kom på bordet. Eit av dei beste måltida eg nokon sinne har hatt! Gratulerer med dagen, Stian.

Christmas in York
Christmas in York

Den siste dagen gjekk med til å få unna julegåvene og å kikke på glitrande kjolar i vindauga.

Christmas in York
Christmas in York
Christmas in York

Hadet bra for no, York, du er så vakker! Neste gong skal eg huske stilongs.

Christmas in York

 

I went to York with Hedda, to steal Stian’s glasses and celebrate his birthday. We had breakfast at Bruks both days just like last time. And it is still the nicest place ever with the world’s best paninis. Only this time they had new rooms, and the bathroom was not as cold. The big topic of conversation all weekend was how in York you get frostbite on your bum when having a wee. We looked around the Christmas market and got hats and teapots (I didn’t get that hat, don’t worry) and I think Stian and Hedda looks mazing with their hats against the brick buildings. Very north-winter-snow-factory-town-Dr.Zhivago. To celebrate Stian, we had dinner at a place called Ambiente who did AMAZING tapas and really nice red wine. Thank you, winter York, you are beautiful!

 

2 Comments

  1. Det ser så veldig fint ut der! York e nå høyt på listen over potensielle fremtidige hjembyer :D

Leave a Reply

Your email address will not be published.

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

© 2017 Mari Hafsås

Theme by Anders Noren, design by RagnhildUp ↑