Torsdag 22. august sto Hedda og eg grytidlig opp, spiste avokado, makrell og grønn te til frokost og satt oss i bilen for at eg for første gong i mitt liv skulle få lov til å reise på harrytur. Vi var utstyrt med handleliste fra Kristin (“Ja, men mamma, Mari må få prøve å handle ORDENTLIG!”) og med Tusvik og Tønne på høgtalaren satte vi avgårde. Vi tok ferga forbi Bastøy (hadde sett Kongen av Bastøy kvelden før, så for meg var dette veldig spennande) og las i våre feministiske bøker til eg duppa av og vi gjekk ned igjen i bilen. Deretter køyrde vi og plukka opp Stian som venta med caps på ein bensinstasjon der eg gjorde det utrulig dumme valet å kjøpe meg ein kaffe som sjølvsagt smakte piss, og så, etter enda ei stund i bilen, såg vi skiltet.

harry jomfrutur

Vi starta med ein liten sushi-forrett før vi gjekk løs på det vi eigentleg ville. Godteridelen.

harry jomfrutur
harry jomfrutur

Sånn her der ein ut når ein blir tatt på fersken i å kjøpe ting ein er allergisk mot.

harry jomfrutur

Stian bestemte seg for a danse ein skeidans før snopinga begynte, og Hedda var lett med på det.

harry jomfrutur
harry jomfrutur

ACTION

harry jomfrutur
harry jomfrutur
harry jomfrutur

Neste stopp var ein butikk eg ikkje anar kva heitte, men dei hadde i alle fall elgkoffertar og massasjestolar! Satt for øvrig i massasestolane i minst førti minutt.

harry jomfrutur

Så var det handling av mat som sto for tur. Vi kjøpte bacon for alle penga (trudde vi i alle fall, men Hedda kjøpte visst litt for lite likevel) og så klart Quorn til alle som er vegetarianarar. Når eg tok dette bildet, surna dama i kassa og sa at eg ikkje kunne ta bilder.

harry jomfrutur

Vi avslutta med å pante en million flasker og at eg kjøpte så mange mummiting at eg fikk ein gratis mummikopp. Så no har eg eit mummistempelkort i lommeboka. Ganske kult !

harry jomfrutur