Morgonen påskeaften starta med ein fortsatt fascinasjon av pupillane mine, som grunna augedropane eg tar er forskjellig størrelse.

påskeaften

Eg kikka fornøgd på påskebukettane som eg har plassert rundt om i huset.

påskeaften

Og når Hedda og Tord sto opp, såg vi den dårligste heksa i klassen. Om ikkje det er påskestemning, er det ingenting som er. (Du kan sjå det her)

påskeaften

Mamma ringte meg og fortalde at dei skulle ha lammelår til middag. Vi svarte med å lage studentane (uten skikkelig steikomn) sitt lammelår, les: taco.

påskeaften

Seinare hadde vi invitert nokon flotte andre norskar over på besøk. Vi drakk te og kaffe og åt smågodt og bråkte vel og lenge. Når det er special occation er det klart vi dreg fram papirsugerøra, og det er utruleg kor mykje underhaldning dei gir.

påskeaften
påskeaften

Vi hadde norsk melkesjokolade på bordet og engelsk godteri-poppe-WillyWonka-sjokolade i ei skål, og Ragnhild hadde laga skolebollar.

påskeaften
påskeaften

Og da alle hadde spist det dei skulle, satt halvparten seg i sofaen og resten av oss  spelte monopol til alle ville heim og legga seg. Det gjekk stort sett ufredeleg for seg og kjekt var det.

påskeaften