Og det blei ein veldig bra fredag. Fordi her i Falmouth har det vore flott påskesol og vi har vore flinke til å gå ut i soka og nyte den. (Sjølv om det har vist seg vanskelig med mitt lettare inhabile auge. Eg har nemmeleg fått regnbuehinnebetennelse og har fått øyedråpar som etterlet auget mitt litt neddopa.)

Dagen starta med omelett til frokost, på senga, fordi i stua låg det to mummitroll og sov sin søte søvn. Dei var så fine at eg tok eit lite ulovlig bilde, men eg trur dei blir sure om eg legg det ut her på bloggen.

langfredag

Når alle hadde komme i gang med dagen, dro vi til Falmouth for å sjå om vi fant påskeegg og påskegodt, og eg skulle poste nokre brev.

langfredag

Nokon hadde fått melk på trappa, riktignok i plastkartong og ikkje i flasker, men kor veldig Poirot er ikkje det?

langfredag
langfredag
langfredag

Det har vore så varmt i det siste og så mykje sol at ein må alltid ha solbriller. Hedda sine såg eg som ein god mogelegheit til å dokumentere min gule påskekjole.

langfredag

Vi kjøpte oss noko å ete, og satt oss på piren nede i havna. Der blas det ein god del, og det Corwallske (er det eit ord? Cornish..) flagget dansa så fint.
langfredag

Eg trur at om Poirot hadde komme til Falmouth, hadde han nok budd på Green Bank Hotel, for så gamalt er det. (la oss berre late som om Poirot er ein ekte person.)

langfredag
langfredag
langfredag

Om sommaren er det vimplar i heile Falmouth og det gjer meg så himla glad!!

langfredag

 

Vi dro heim med posar tunge av påskegodt og ein påskebukett, før vi avslutta kvelden med ei episode av Poirot. Vi såg The Plymouth Express, som Hedda hadde prata om heile dagen. Det artige var at vi valte episode heilt på måfå, så eg trur derfor bestemt at det var ei spesiell påskekraft som hadde ein finger med i spelet.