I det siste har eg tenkt veldig mykje på kor dumt det er at ein ikkje kan snakke opent om sex, kropp og porno, når det er ein så stor del av kvardagen til folk og så viktig når det kjem til å diskutere feminisme og kvinneroller.

Eg hatar at ein seier at gutar og kvinner har ein mykje sterkare seksuell drift enn kvinner, det skapar stereotyper som er problematiske for begge kjønn.
Eg hatar at det i totusenogfuckingsfjorten er diskusjon om fastlegar skal ha reservasjonsrett/mulighet, om det er offeret i ei valdtekt som kunne gjort noko annleis, om det er greitt at ein brukar halvnakne damer i reklamer “Det sel jo!” når 96%, (du las rett) 96% av seksuell objektifisering i media er av kvinner, om det å vere feminist tyder at vi hatar menn.
Eg hatar at eg på grunn av ikkje-inviterte hender føler meg meir komfortabel i bukse på byen enn i skjørt
Eg hatar at media fortel meg kvar dag at eg må ha stramare rumpe, flatare mage og meir sminke.

Men eg elskar at folk har begynt å få augene opp for galskapen, at eg kan ta val som å ikkje lese skjønnhetsmagasin og moteblad, og at det finnes mennesker som dei under, som skriv og pratar oss framover.

Denne artikkelen om reservasjonsretten.

Dette diktet om valdtekt.

Denne videoen handlar om ei nettside som heiter Make Love Not Porn, og eg synest Cindy Gallop er skikkelig kul.

Feminist Frequency, ein Youtube Kanal som snakkar om viktige og interessante tema. Sjekk særlig ut klippet om Bechdel testen.

Denne teksten som Karoline skreiv om nakenhet.

Denne videoen handlar om det å snakke om å masturbere. (skummelt ord, gitt!)

Denne videoen handlar om korleis konstant tilgang til porno kan skape avhengighet, som igjen gjer at monge gutar heilt ned i tjueåra slit med impotens og depresjon.

Denne videoen er av Ran Gavrieli som fortel kvifor han stoppa å sjå porno.