Det vart plutselig jul og juleferie, kameraet fekk litt støv på seg, fordi min fem og eit halvt år gamle Macbook brukte 500 år på å laste inn bilde (nei, der er ingen r, eg har sjekka med nynorskordboka), flickr har endra seg og ingen bilde, ingen blogg. Eg har liksom gløymd litt korleis det var eg gjorde det her.  Trur eg vanlegvis ville ha satt inn bilde av hendingar og håpa på at dei var satt pris på.

Min pappa vart seksti år i år, og eg vart tjue. Vi feira med heile sunnmørsslekta, nesten i alle fall, og aldri før har nokon vore så glad for ein boks sardiner.

SONY DSC

Balto låg under stolen og visste ikkje heilt kva som var i gang.

SONY DSC

Vi hadde enda ein nydeleg lille julaften med Grevinnen og Hovmesteren, spekemat, raggsokkar, strikking og juletrepynting. Akkurat som i fjor.

SONY DSC

Og vi hadde ein herleg julaftan med alt for mange gåver.

SONY DSC

Nyttårsaftan kom med alle dei forventningane og utruleg stressande ideane om at alle må pynte seg og ha årets beste kveld. Eg møtte den utan sminke og med sursmilet på plass, saman med nokon av dei flottaste folka Noreg har å tilby.

SONY DSC

I resten av ferien var det mykje alias, mykje øl, litt hobbit og mykje fin himmel.

SONY DSC

Og tilbake i Falmouth saman med verdas beste Hedda, ToneLill og Sam, var det putseleg eit skulearbeidskred som traff oss så hardt at vi etter innlevering var i bakrus i ei veke. Den vart kurert av ei vinterhelg i York hos Egil, Jade og Stian. Der åt vi frukost ute på ein nydeleg liten stad som heitt Brukes tre dagar på rad. Etter første dagen hadde me vore ute kvelden før og alle ba om vatn, så dei andre dagane fikk vi ei mugge vatn før vi i det heile tatt hadde fått av oss jakka. (ja, det er eit skjermbilde av ein snapchat)

SONY DSC SONY DSC

Og på laurdag som var, hadde vi planlagt verdas største hemmelegheit, nemmeleg Kristine. Ho gjekk jo som dokker veit i klassen min i fjor, men flytta tilbake til Noreg. Ho hadde kun sagt til nokon få (dette er der eg skryt over å vere ein av dei utvalde) at ho hadde planer om å komme på besøk. Så me arrangerte eit møte på Dolly’s (Dolly var sjølvsagt ein medskuldig) der vi inviterte dei beste venene til Kristine, der ho på magisk vis dukka opp i døra. Det vart til tårar og hyl og hyperventilering for ei, lamslått stillheit hos ein annan og den siste som vart overraska såg litt ut som ein gullfisk medan alle vi andre såg på og lo. Alle som jobbar på Dolly’s sto i døra og lo dei og. Det er kjærleik det!

SONY DSC

Kristine tok med seg sola og snøen, og dagen i går var alle fire årstidene på besøk i Falmouth. 

SONY DSC SONY DSC

Kven veit?  Neste gong vi sjåast er kanskje om ikkje nesten to månader.