Og så var høsten her.

Oslobesøk

Eg var ein tur i Bergen, møtte Karoline igjen, møtte Johanne for fyrste gong, hadde det så gøy at eg gløymde at kameraet fantes. Heile helga var Phonofestivalen, øl, herleg musikk, litteratur og omtrent heile Ålesund samla i ein annan by.

Etter nokon galne dagar, satt Karoline og eg på toget til Oslo og såg høstens fyrste nysnø over Finse, åt rømmegraut og såg The OC. Kva anna er der, eigentleg?

Og så var ein i Oslo.

Der var hausten, Andrea, Vilde, Ida og Malene.

Og veldig, veldig god kaffe.

Oslobesøk
Vilde

Vi gjekk tur, vi gjekk i parken og vi gjekk på Nasjonalgalleriet for å sjå fyrste del av Munch utstillinga. Dagen etter gjekk eg og såg del nummer to. Fantastisk!

Oslobesøk
Oslobesøk
Oslobesøk

Etter ei veke var Osloturen slutt, og eg dro mine to gigantiske baggar heile vegen til Gardermoen og London, der all offentleg transport sto still og forsinka reisa med fire timar.

I lufta

Heldigvis var Hedda allereie heime, og det var den nye housematen vår Sam og. Dei kom som dei heltane dei er og henta meg med bil på togstasjonen i Penryn.

No har eg flytta inn på mitt nye rom, Hedda og eg har laga middag til heile familien, og vi har kjøpt både krydderhylle, krukker og internett. Har til og med vore på Dolly’s på enda eit 40s arrangement, etterfølgt av ein fredag som føltes som perfekt søndag, med Breakfast at Tiffany’s, clotted cream og scones. Og bringebærbrus med ingefær (blir årets julebruserstatning).

friday goes sunday

Vi har kjøpt strykejern.

 

7 Comments

  1. Snille Mari mi!! <3<3 Kos deg massemasse!

  2. så fine bilder du tar!

  3. Guri så fine bilete du tek og så fint du skrive! Likar vendinga til nynorsk! Takk for ei fin helg der me fekk inn så sjukt mange ting som ein ikkje hadde trudd ein kunne stappa inn i ei helg. Gledar meg til å høyre meir om livet i det nye kollektivet!

    • mari

      September 30, 2013 at 21:28

      Tusen takk, fine Karoline! Ja, no får dykk berre leve med skrivefeila, hehe. Takk det samme, eg kjem tilbake så fort eg har råd!

  4. Hurra for nynorsk, fin haust, god kaffe, gode vener og strykejern!! :D

Leave a Reply

Your email address will not be published.

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

© 2018 Mari Hafsås

Theme by Anders Noren, design by RagnhildUp ↑