Earlybirds.

På tirsdag sto eg opp før sola og møtte Ragnhild. Vi gjekk til Woodlane, der vi fekk selskap av Pádhraic. Vi gjekk langs stien som går forbi Gylly Beach.

sunrise excursion

Når vi kom til Swanpool møtte vi Jerome.

sunrise excursion

Men vi var ikkje framme.

sunrise excursion
sunrise excursion

Vi måtte stoppe plutseleg, fordi sola skulle til å stå opp.

sunrise excursion
sunrise excursion
sunrise excursion
sunrise excursion
sunrise excursion

Det gjekk utruleg raskt, og Ragnhild og eg tok ca. hundre bilder kvar.

sunrise excursion
sunrise excursion
sunrise excursion
sunrise excursion

Vi gjekk videre når sola var heilt oppe. Vi skulle ut på nokre klipper for å spise frukost. På vegen gjekk vi forbi nokre nydelege, kvite busker.

sunrise excursion
sunrise excursion

Er det ikkje vakkert?

sunrise excursion
sunrise excursion
sunrise excursion
sunrise excursion
sunrise excursion

Det er sjeldan eg får ta bilder i så fantastisk lys. Derfor tok eg alt for mange.

sunrise excursion
sunrise excursion

Jerome hadde med stormkjøkken, Ragnhild hadde med appelsin og eg hadde med Gjendekjeks, aka verdas beste kjeks. Vi naut at sola sakte blei varmare og varmare medan vi diskuterte litt feminisme. Alt i alt ein perfekt morgon.

sunrise excursion
sunrise excursion
sunrise excursion

Vi pakka sammen stormkjøkkenet, skrudde på korkene i termosane og gjekk heim til ein vakker dag i Falmouth. Eg tilbragte den på stranda, vart solbrent nederst på leggen og fekk sand i buksa. Ganske bra.

On Tuseday I got up before the sun and went to meet Ragnhild. We walked to Woodlane where we met Pádhraic and walked along the costal path at Gylly Beach. When we got to Swanpool we met Jerome. We stopped and sat down on the fence when we saw the sun come up. It was absolutely beautiful and stunning and really fast, and Ragnhild and I both took about a million photos. We had breakfast with Norwegian biscuits, oranges and coffee, and then discussed feminism for about two hours. It was a lovely start to the day, and I spent the rest of it at the beach, getting a sunburned patch on my leg that still hurts when I put shoes on and sand in my jeans. God I love summer.

Dissertation? Check.

I dag var endeleg den store dagen her: Bacheloroppgåva skulle leveras inn. Sjølvsagt hadde eg venta til siste augeblink med å rette på dei siste tinga, så eg satt på bussen da dokumentet endeleg var klart til å bli omgjort til PDF. Var hos Reprographics nøyaktig klokka 10:15, fikk printa ut og bunde inn to kopiar av min dissertation, og bar dei på arma som eit lite barn heile vegen til Academic Office.

Dissertation? Check.
Dissertation? Check.

Vi satt fra oss sekken og hadde dissertation-photoshoot. Hei Hedda. Elsker det nederste bildet.

Dissertation? Check.
Dissertation? Check.

Hei meg.

Dissertation? Check.
Dissertation? Check.

Etter vi hadde dansa heile vegen til busstoppet, spiste vi ein skikkelig festlunsj på Good Vibes.

Dissertation? Check.

Og gjekk ein tur ned til Gylly Beach. Frå slutten av april er Falmouth eit av dei vakraste stadane i verda.

Dissertation? Check.
Dissertation? Check.

Vi satt oss med muren, lente oss godt tilbake og berre kjente på å ikkje måtte skrive noko eller sjekke klokka.

Dissertation? Check.
Dissertation? Check.

Obligatorisk bilde av meg i Hedda sine solbriller. Her er fjorårets, tatt akkurat eitt år og to dagar før.

Dissertation? Check.

Alt var berre så vakkert i dag at eg måtte ta masse bilder!

Dissertation? Check.
Dissertation? Check.
Dissertation? Check.
Dissertation? Check.

Hedda ville sprette steinar.

Dissertation? Check.
Dissertation? Check.

Vatnet var enno litt for kaldt til at vi kunne vasse særleg lenge, men så utruleg digg det er å gå sakte tilbake i den tørre, varme sanda.

Dissertation? Check.
Dissertation? Check.
Dissertation? Check.
Dissertation? Check.

Når vi kjende at vi begynte å bli solbrende i panna, gjekk vi heim. Som sunnmøring prøvde eg å fange mest muleg sol, men til slutt kalte middagsmaten og nybaka rundstykker. Uten brunost. Av ein eller anna grunn planlegger eg alltid å kjøpe brunost når eg er heime i Norge, men ombestemmer meg midt i pakkeprosessen fordi eg “klarar meg i to månedar uten brunost”. Oppdatering: eg kom på onsdag. Ville ha brunost på laurdag.

Dissertation? Check.
Dissertation? Check.

No skal heile kurset mitt ut å feire at vi nesten er ferdige med bachelorgradane. FY FAEN.

 

Today the day was finally here: Dissertation deadline. I obviously waited until the very last moment to fix the last few bits and bobs, and had to make the document into a PDF on the bus. Had two copies printed and thermal bound by 10:40, and carried them to the Academic Office like they were my first born children. I don’t think I have ever written anything I have been this proud of before. Without lying, I have thoroughly enjoyed writing it. • Hedda and I took the time to have a shameless dissertation photoshoot. Love the bottom photo of her, there is just so much joy! • After dancing all the way to the buss stop, we had a celebratory lunch at Good Vibes. Obviously. • Then we walked to Gylly Beach. From the end of April, Falmouth is maybe one of the most beautiful places in the wold. • We leant against the wall and enjoyed being able not to check any word counts. • A mandatory photo of my reflection in Hedda’s sunglasses. This is the one from last year, taken exactly one year and two days before. • Sorry for the amount of photos, but the world in the sun and post deadline is just so beautiful! • The water is still to cold to swim in, so we sat down and just breathed. • When we felt our foreheads getting sunburned, we went home. I made fresh bread rolls and regretted the decision not to bring brown cheese back from Norway. This happens after every time I have been home, and apparently I never learn. • Now my entire course is going out to celebrate. Fuck yes. 

Ei uke i Bergen

Siste uke av ferien var eg i Bergen. Kameraet parkerte eg på toppen av eit kjøleskap mesteparten av uka, uvisst kvifor. Heldigvis ligna besøket ein del på tidligare besøk (berre enno betre), så eg kan kompensere med eldre bilder.

Karoline og eg såg like mykje the OC som alltid. Eg er framleis forelska i Seth og ho i Ryan, og Marissa er framleis dødsirriterande.

bergen

Den fyrste dagen sto vi opp halv sju og åt havregrøt til frukost. Så dro vi på yoga klokka åtte (når ein er B-menneske på ferie må klokkeslett om morgonen dokumenteres) og spiste lunsj i lag med litt av kollektivet til Karoline som åt frukost. Deretter var det forelesning i migrasjonsstudier og kvinne- og kjønnshistorie. Snakk om luksus å bli tatt med på! Og vi åt verdas største lunsj på Chill Out.

bergen

Om kvelden hadde vi fest heime hos Karoline. Kollektivet til Karoline var så klart med, Helene, Harald, Emil, Simon, Lena Mari, Per og eg kom utanifrå. Alle vart litt forelska i Maja da det viste seg at ho hadde laga jellyshots til alle. Det vart miksa Flapper’s og bison- og banandrinkar, smoothies og eigentleg alt ein kan tenkje seg. Vi dansa både Charleston, Chicago, Jig og technodans, og alle lærte seg koden på telefonen til Mats så vi kunne sette på musikk. (har gløymd den no, no worries) Det vart teke mange bilder, men ikkje av meg, og heilt sikkert ikkje noko ein burde laste opp på nett uansett. Da dansarane tok så ville piruettar at ein fikk ein dusj med whiskey, braut alle sakte opp og dro heim til sine soverom over heile byen. Unntatt Karoline, da, som sovna på sofaen ved sida av sitt.
Litt sånn her såg det ut når vi var halveis i ryddinga morgonen etter.

bergen i april

Eg gjekk tur i parken som før, men med mykje kortare hår. Det gjeld for Karoline og.

bergen
bergen

Vandra så klart forbi Bryggen og gjennom trange, fine gater, og beundra blondevinduet like mykje som sist.

bergen

Spiste også vaflar på Bar Barista. Der har dei paraplyar i taket, magisk rooibos te, og kanskje dei beste vaflane i heile verda. Fant ut at eg tilfeldigvis knipsa eit bilde av den i juni for to år sidan.

bergen

Det var så klart mykje spilling av brettspill. Med alt det beste av norskt godteri og heimelaga muffins.

bergen i april
bergen i april

Den siste dagen hadde Helene, Karoline og eg studiedate på Kaffemisjonen. Eg søkte på skule i Norge, drakk så mykje kaffe at eg rista igjennom heile radiosendinga til Karoline og spiste sjokoldecroissant. NAM. Tenk at neste år skal eg kanskje bu i denne fantastiske byen. Da kjem ikkje kameraet til å ligge på toppen av eit kjøleskap heller.

bergen i april
bergen i april
bergen i aprilSorry, British people, Google Translate today. 

 

Easter break

For to veker sidan sto eg opp klokka ti over fire, pakka alle ullgensrar og kanskje seks bøker om feminisme i sekken, tok pirat-taxi til togstasjonen og reiste i 17 timar for å komme heim til Ålesund. Kva gjer ein vel ikkje for hundar, brettspel og Freia melkesjokolade?

Vel heime var eg på kunstutstilling på Kube, Simon Wågsholm si utstilling “Sceneries” og syntes den var fantastisk. Dei som ikkje har sett den enno har tid til og med søndag 26. april.

påsketur
påsketur
påsketur

Den eine dagen da eg skulle jobbe på Kube, fikk eg besøk av to av dei flottaste eg kjenner. Dei trossa vér og vind og tok med lunsj til meg som hadde gløymd å lage.

påsketur

Så gjekk turen over fjorden og til Sunndalsøra for vår obligatoriske påsketur. På reisa var det tåkete, mystisk og vakkert, og alle spiste svele med brunost.

påsketur
påsketur

Og på påskeaften gjekk kroppen min endeleg med på å vere med på fjelltur, skikkeleg, for fyste gong på fire år til Grånebba i Sunndalsfjella. Onkel viste veg, sola skein, eg fekk fregner på nesa og Arne køyrde i racerfart ned igjen, medan eg aka meg etter på rumpa og frykta for livet. Heilt rå tur.

Grånebba
Grånebba
Grånebba
Grånebba
Grånebba
Grånebba
Grånebba

Vel nede igjen hadde mamma ordna og gøymd (nei, mormor, vi er ikkje for store!) påskeegg med alt det beste i. Til og med Tom og Jerry-kjeks, HALLO. Eg var alt for opptatt med å spise til å ta eit bilde av det.
Vegen heim at på søndag var like grå som da vi kom, men i grunn like fin. Tilbake i Ålesund igjen endte fyste halvdel av påskeferien med dobbel seier i Kokkelimonke. Ein skal ikkje kimse av det, eller kva?

påsketur

Two weeks ago I got up at 4:10, packed my knitted jumpers and about six books about feminism, got a taxi to the train station and left Fally as the sun came up for a 17-hour trip back to Norway. The things you do for dogs, boardgames and Freia milk chocolate. Back home I went to see an art exhibition by Simon Wågsholm, “Sceneries” and found it absolutely brilliant. I also went to work without lunch one day and got two wrapped-up-warm popping by with lunch. I have amazing friends. • The family went on the mandatory easter highlight trip (why can’t you make up long words in English?) to see my grandparents, and the road there was misty, beautiful and mysterious. We all had svele with brown cheese. • I finally went on a proper ski day with my uncle and cousin, and we climbed a top called Grånebba in Sunndalsfjella and I kept thinking “go home Game of Thrones/Lord of the Rings, you’re drunk”. How amazing are these mountains? My cousin and uncle easily raced down the mountain, I feared for my life and sat down every other second. • Safe and sound in the living room again, my mum had fixed and hid easter eggs for me and my sister, but I was way to busy finishing it to take photos. We had just about enough food and dessert to fill up a small army, and it was just the best start to the Easter holiday ever. Obviously it helps to win two games of Balderdash in a row. 

Civilised Saturday

februari
februari
februari
februari
februari
februari
februari
februari

 

Some Saturdays are meant for hours at a café with your beautiful best friend, gin and scones for lunch, followed by insane Cornish rain and a fancy dinner with handsome boys. Tomorrow, though, I’ll be working all day.

VM-feiring

vm-feiring
vm-feiring
vm-feiring

I går kveld tok bestemortendensene overhand, og eg inviterte mine norske venninner på besøk for å spise rømmegraut. Toro, sjølvsagt – det finnast jo grenser for kor husmor ein kan vere. Suppe til dei som ikkje toler mjølk og blåbær, sjokolade og bringebærgelé til dessert. Vi fikk skikkeleg norska oss, og det var skikkeleg kjekt. Vi hadde selskap av Harper og Hebe, og Ragnhild lærte å hekle bestemorsruter. Hebe var sur fordi ho ikkje fekk spise sjokoladerestar, så ho furta ved kjøleskapet medan eg vaska opp og dansa fordi Norge tar gull på gull i ski-vm.

vm-feiring

Normal dag.

Når eg vakna i dag hadde eg ein ide om at eg absolutt skulle gå til skolen. Det tar akkurat 55 minutter, så eg har ikkje hørt dei to siste minutta av Tusvik og Tønne. Det var veldig fint å kunne gå, fordi bussen køyrer så utruleg treigt, dei luktar ofte mugg, og dei køyrer gjennom Penryn som for augeblikket har så mykje vegarbeid at ein står stille dødslenge i gangen. Utruleg digg å gå forbi bussen. Woop.

normal day

Vi hadde forelesninger heile dagen, noko som ikkje eigentleg er så venleg for oss, men det var så fint å ha eit skikkeleg opplegg for ein gongs skuld, sjølv om vi er teaterstudentar og så klart ikkje har vanlege forelesningssalar eller ser særleg studentaktige ut. Det ser omtrent sånn her ut når vi har forelesning.

normal day
normal day

Det beste med torsdagar er at falafelbilen er på campus. Klokka ett, da det er lunsj, sprang vi derfor opp til the Stannary og stilte oss i den evige køa for å sikre oss verdens beste lunsj, og moglegens verdas største falafelpita. NAM. Det er sånn ein artig måte å tilbringe lunsjen på, for det er heilt umogeleg å spise dei på ein fin måte. Det er etter mi meining den perfekte first-date mat, for når ein ikkje har anna valg enn å sjå ufyseleg ut er det mykje lettare å slappe av. Og vil for øvrig bare ytre at eg elskar den personen som fann opp sylta chili.

normal day
normal day
normal day

Ellers så har bacheloroppgåva mi ikkje ein sjanse til å bli ferdig før fristen, for i går kveld lærte eg meg å hekle bestemorsruter. Ei fantastisk dame på strikkegruppa på Dolly’s ga meg ei heklenål ho hadde til overs, og eg er heilt hekta. Hekla mi første rute under forelesning nummer ein i dag, og har i skrivande stund laga fire. Eg har samla alle små nøster med restegarn i ei boks som no skal vere med meg overalt til det er tomt. Perfekt måte å bli kvitt garnrestar på OG få eit pledd. WIN.

normal day
normal day

Today I decided to walk to uni. This gave me a chance to listen to podcasts and laugh at the people stuck in Penryn because every road through it is pretty much closed. We had lectures all day, which is unusual for theatre students at Falmouth, but that’s OK because we’re an unusual bunch anyway. Just look at how we sit through most lectures, in a circle knitting and laughing. At one lunch started and me and Hedda ran to the Stannary to get in the endless line of people who want Falfalafels. We got some in the end, Chloë too. It’s the best food ever. Also I think it’s the best first-date food, because the pitas are so massive there is no way you can eat them without making a mess, and don’t have to worry about looking attractive. Also, I love whoever invented pickled chilies. My dissertation now don’t stand a chance of getting finished, by the way, because last night I learned how to crochet granny squares. A lovely lady at the knitting group at Dolly’s gave me a crochet hook, and I can’t stop doing it. Made my first square in today’s first lecture, and have got three more so far today. This is amazing. I get rid of wool-leftovers AND get a blanket. WIN.

 

Kveldsmat

kveldsmat
kveldsmatPå seige dagar med teaterforelesninger om korleis kurset går som ikkje nevner musikkteater med eit einaste ord, er det vanskelig å ikkje la alt det ein irriterer seg over bli hovedfokus. Derfor laga eg ei liste over ting som har gjort dagen min fin:

  • Nybakt braud
  • At forkjølelsen er nok borte til at eg kan synge
  • Varmt hus
  • Ella Fitzgerald
  • Lunsjen på elevrådsmøtet. (samosamirakel)
  • Hedda si rosa kåpe
  • Hebe som spis alt ho kjem over. Eg meiner det, ho smakar til og med på fuglefrøa til hønene.
  • Ragnhild som kom på kveldsmat. Vi spiste det nybaka brødet og drakk to kanner te. Ho er ein sånn person som alltid får folk til å slappe av og smile.
  • Peter Rabbit stemninga som oppstår når alle dyra vil spise kveldsmat saman med oss.

kveldsmat

 

PS: er det nokon som veit korleis ein effektivt kan fjerne grovbrauddeig frå kofter?

forsøk på kvardagsblogging.

another day

Vi har fått ein heil time ekstra lys om morgonen sidan eg kom tilbake. Desverre ville Falmouth Uni ha forelesning klokka seks om kvelden, da det er mørkt igjen. Derfor prøvde eg meg på heimekontor. Det gjekk bra eit par timar. Så vart det sjåandes ut sånn her. Derfor gjekk eg ut i sola og posta mine tre brev.

another day
another day

Det var heilt fantastisk vér, og eg hadde på meg Breakfast at Tiffany’s kåpa mi og leika filmstjerne. Fant eit par skjell og drøymde om å bo i huset med mummitårna på andre sida.

another day
another day

Eg kjeda meg riktignok ganske fort (alt for dårleg på å nyte aleinetid) og ringte Hedda. Ho var i gang med middagslaging, så eg plukka opp eit par ingrediensar og starta turen bort til ho. Desverre var heile vegen som eg elskar å gå, som vi gjekk fleire gonger i veka i fjor, heilt i skuggen (eg var kald på ørene). Eg tok heller eit bilde, tenkte litt på kor fint det er å gå der, (det føles som å reise i tid!!) og tok bussen til Penryn.

another day
another day

Hedda har eit nydeleg, blått kjøkkenbord og ei herleg leilighet. Vi kosa oss med god middag og drakk te til som vi pleier. Så satt vi i sofaen og snakka om truser, strikking og kjolar heilt til det var på tide å gå til forelesning. Det hadde rokke å bli skumring, og himmelen hadde samme farge som kåpene vi gikk med.

another day
another day

William køyrde meg heim til Falmouth, der eg bestemte meg for å prøve å ta eit sjølvportrett. Det er eg ikkje så god på, men på ein dag som det her, da eg får Betty Draper hår sjølv etter å ha vore ute i fleire timar, kun av å børste det, må det nesten gjerast. Det tok meg kanskje 21 år, men eg har oppdaga at det kan vere ein god ting å børste håret.

another day

 

 

Tried to home office, but Holly Golightly distracted me, so I put on my Breakfast at Tiffany’s coat and went for a walk in the sun. Ended up getting bored without anyone to talk to and went to Hedda’s bachelor pad for dinner. We talked about pants and dresses and knitting until it was time to go to a lecture. Will gave me a lift back to town, and I decided to do a self portrait since my hair have remained in a Betty Draper-do even though I have spent hours outside today. Who knew brushing your hair really is worth the trouble? 

Reisenotat del 1

DSC05733

09:00 Avgang frå Vigra går glatt, til trass for ein koffert på tjueåtte kilo. Dama som sjekka meg inn sa det var okei siden koffert to kun veide ti kilo. Det gode humøret avtar ein smule når eg innser at setet mitt er midt i ei boble av noko eg kun kan beskrive som pung og aftershave. Det er faktisk lov til å dusje seg i reint vatn i staden for parfyme når ein skal sitte nært andre mennesker. Får litt glede tilbake når flyvertinna går forbi med den nydelege lukta av kaffe, men den smakar jo gift, så klart. Flykaffe må sort its shit out. Blir alt for fasinert av ørepropphullet på sekken til han som sitt foran meg, du veit eit sånn som ledninga skal komme ut av, som ser ut som eit lite gummifelt med eit kryss som lagar fire klaffar. Er ofte å sjå på grå-svarte skulesekkar og er heilt uimotståeleg å stikke fingeren i. Noko som sjølvsagt er heilt uakseptabelt når ein ikkje kjenner den som eig sekken.

13:53 Mann snik i køa foran meg på vei inn til sikkerhetskontrollen. Typisk mann 45 med hvite chinos i lin (eg beklagar å måtte sei det, men det er ikkje januarbuksa) med ein bittebitteliten, skinnande sølvgrå trillekoffert som er mindre enn magen han har tredd ein limegrøn V-hals genser over. Hode type blankt og lettare oransje, sidan han tok sol så han ikkje skal bli solbrent på Granca. Lagrar all denne passiv aggressive informasjonen på telefonen for å føle meg underhaldt i staden for sint.

Kjenner meg som ein riddar som gjer seg klar til strid fordi eg for ein gongs skuld har klart å pakke handbaggasjen effektivt, sjølv om eg har både sekk og veske og tre lag jakke. Rustninga ligg klar i dei tre plastkassene som kjem på bandet, og det går slag i slag med laptop ned i sin heimestrikka sovepose, laptop ned i sekken, bort med kasse 1, kofta på, jakka på, så skjerfet, bort med kasse 2, seler veska skrått over brystet, kastar sekken på ryggen. Lua på til slutt og fit for fight.

« Older posts

© 2016 Mari Hafsås

Theme by Anders Noren, design by RagnhildUp ↑